Uranusmånen Oberon

Oberon er den nest største månen til Uranus. Han vart oppdaga 11. januar 1787 av William Herschel.

Oberon
Oberon fotografert av Voyager 2
Oppdaging[1]
Oppdaga avWilliam Herschel
Oppdagingsdato11. januar 1787
Baneskildring[2]
583 500 km
Eksentrisitet0,0014
13,46 dagar
Banehelling0,068°
Satellitt avUranus
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
1 522,8 km[2]
7 285 101,53 km²[2]
Masse2,8834 × 1021 kg[2]
1,559 g/cm³[2]
0,332 m/s²[2]
2 559 km/t[2]
bunden[2]
Albedo0,25 (synleg geometrisk)[3]

Til liks med Umbriel er måneyta tungt kratra; særskilt om ein samanliknar han med dei tre andre store månane til Uranus. Eit av kratera er særleg tydeleg med lys kant og mørkt materiale i botnen. Dette er truleg is-karbonrikt materiale frå det indre av månen. Det er òg teikn på tidlegare sterk geologisk aktivitet, mellom anna går ei forkasting over heile den sørlege halvkula.

Oberon har minst eitt høgt fjell som når 6 kilometer opp frå yta.

Kjelder endre

  1. Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Oberon: Facts & Figures - NASA Solar System Exploration
  3. Uranian Satellite Fact Sheet - NSSDC
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.