Urfolk i USA er dei innfødde folkeslaga i områda i Nord-Amerika som no er dekte av grensene til USA. Dei består av mange ulike nasjonar, og mange av dei eksisterer enno i dag.

I USA heitar den innfødde folkesetnaden, unntatt dei i Alaska, Hawaii og andre stillehavsøyar, «innfødde amerikanarar» (Native Americans) og tidlegare «amerikanske indianarar» (American Indians). Heilt frå starten av koloniseringa oppstod det strid mellom europearar og indianarar, og i byrjinga kunne begge partar vere fælslege. Med Indian Removal Act i 1830 byrja ei gradvise utdriving av indianarane, ofte diktert direkte frå Washington D.C., og ofte mista tusenvis av indianarar livet som resultat. I løpet av siste halvdelen av 1800-talet vart dei gjenverande indianarkulturane forviste til reservat, samstundes som bisonen, det tradisjonelle byttedyret til indianarane, i stor grad vart utrydda. Språka, religionen og kulturen deira vart undertrykt gjennom forbod og forsøk på å tvinge på dei kristendom. Nyleg har ein gradvis erkjent rettane til urfolket, som i aukande grad har hamna på den politiske dagsordenen, og i nokre tilfelle har ein utbetalt erstatningar for tidlegare overgrep - ein viktig vørdnad for mange indianarar.

Før europearane kom viste indianarkulturen eit enormt mangfald. Nokre viktige handverk var saum, tekstilkunst, keramikk, og ein formalisert biletspråk i form av stiliserte skulpturar og fetisjar og sandmåleri. Mykje av kunsten var nært knytet til dyrkinga av forfedrar og mytologi. I dag høyrer til mange indianarar ein synkretistisk, kristen rørsle som kombinerer kristen liturgi med tradisjonell dans- og songritual til trommer.

Historie endre

Historia til urfolka i USA er ei historie om fordriving og desimering gjennom heile 1800-talet. Somme kallar det eit nesten fullført folkemord.

 
Shoshoni tipiar, om lag år 1900.

1800-talet gjorde den stadige US-amerikanske ekspansjonen vestover at mange indianarar vart tvinga til å flytte lenger vest. Dette skjedde ofte med makt. Under president Andrew Jackson vedtok kongressen Indian Removal Act i 1830, som skulle gi indianarane land vest for Mississippi i byte med land aust for den store elva. Så mange som 100 000 indianarar vart flytta vestover som resultat av denne «indiananarfjerningspolitikken».

I teorien skulle dette vere frivillig, men i praksis vart det eit stort press på indianske leiarar for å skrive under slike avtalar. Den såkalla «Treaty of New Echota» vart til dømes underskriven av ei utbrytargruppe av cherokeear, ikkje den valde stammeleiinga. Likevel vart «avtalen» brutalt sett ut i livet av president Jackson, noko som førte til at om lag fire tusen cherokeear døydde under den dødsmarsjen som blir kalla Trail of Tears.

Den eksplisitte «indianarfjerningspolitikken» tvinga fram omlokalisering av store indianargrupper i det austlege USA, og førte direkte og indirekte til titusenvis av dødsfall.

Den etterfølgjande assimilasjonsprosessen var ikkje mindre øydeleggjande for indianarfolka. Stammane vart generelt relokalisert til plassar der dei ikkje kunne halde fram med den tradisjonelle livsstilen sin eller oppretthalde kulturen sin.

Ved eit høve oppmoda president Jackson dei kvite om å drepe ned så mange bison som dei kunne, for å øydeleggje prærieindianarane si fremste matkjelde. Nokre år seinare var det færre enn 500 bison att på Dei store slettene.

Konfliktar under samlenemninga The Indian Wars braut ut mellom USA sine militærstyrkar og mange ulike stammar. Den US-amerikanske regjeringa inngjekk mange avtalar i denne perioden, men braut mange av dei sidan, av ulike grunnar. Velkjende hendingar under «indianarkrigane» er Slaget ved Little Bighorn i 1876 og Massakren ved Wounded Knee i 1890.

 
Elevar ved Bismarck Indian School tidleg på 1900-talet.

Mange indianarbarn vart sende bort til internatskolar drivne av kristne misjonærar. Desse var ofte traumatiske for indianarbarna, fordi dei vart forbydde å snakke sitt eige språk, praktisere sin tradisjonelle religion og på mange andre måtar tvinga til å gi opp indianar-identiteten sin. Det er òg mange dokumenterte tilfelle av seksuell, fysisk og psykisk mishandling i desse skolane.

Først i 1924 fekk indianarane i USA statsborgarskap.


Kjelder endre

I hovudsak den engelskspråklege wikipediaen.