Urjupinsk (russisk Урю́пинск) er ein by i Volgograd oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Khopjor, rundt 300 km nordvest for Volgograd.

Urjupinsk
Урюпинск
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Urjupinsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Volgograd oblast
Grunnlagd
Bystatus
1618
1929
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

40 417
Koordinatar 50°48′00″N 42°01′00″E / 50.80000°N 42.01667°E / 50.80000; 42.01667
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 84442

Historie endre

 
Rådhuset i Urjupinsk
 
Geitemonument

Busetnaden oppstod som ein grensepost for fyrstedømet Rjazan på 1300-talet I 1618 vart staden folkesett av donkosakkar. Namnet vart endra til Urjupinsk samstundes med at byen fekk bystatus i 1929.

Økonomi og industri endre

Urjupinsk er eit industrisenter med tungindustri som jordbruksmaskinar (innhaustingsmaskinar), lasteutstyr (det ligg ein stor kranfabrikk her) og ein papirfabrikk. Byen har òg verksemder innan lettindustri som tekstil, sko og møblar.

Byen er sentrum i eit stort område for geitehald og produksjon av geitelêr. På grunn av det milde sørlege klimaet er region veleigna til jordbruk og det er mange fabrikkar for handsaming av jordbruksprodukt i området, hovudsakleg spesialisert innan produksjon av kjøtvarer, matolje og smør.

Bakgrunnsstoff endre