Urskog–Hølandsbanen

Urskog-Hølandsbanen (Aurskog-Hølandbanen frå mars 1947) var ein smalspora jernbane i Akershus fylke, frå Sørumsand stasjonKongsvingerbanen til Skulerud stasjon i Aurskog-Høland kommune. Jernbanen var i ordinær drift med gods- og persontrafikk fram til 1. juli 1960. I dag er dei 3,2 øvste kilometrane av banen i drift som museumsjernbane med det gamle privatbanenamnet "Urskog-Hølandsbanen" (UHB), og er som museumsjernbane ei avdeling av Akershusmuseet. På folkemunne vart banen kalla «Tertitten». Tertitten er språkleg avleidd av tertiærbane, altså ein tredjeklasses jernbane.[1]

Urskog–Hølandsbanen
Lok nr. 7 Prydz på museumsbanen Urskog-Hølandsbanen i Akershus.
Info
Type Jernbane
System 750 mm smalspora bane
Status nedlagt 1960
Utgangsstasjon Sørumsand
Endestasjon Skulerud
Drift
Opna 1896
Eigar Stiftelsen Urskog–Hølandsbanen
Operatør(ar) Venneforeningen Tertitten og Museene i Akershus
Teknisk
Lengde opr. 57 km

Historie endre

Første etappe frå Bingsfossen til Bjørkelangen vart bygd av selskapet Urskogbanen, og vart opna 14. november 1896[2]. Eit anna selskap, Hølandsbanen bygde banen frå Bjørkelangen til Skulerud. Den vart opna 15. desember 1898, men før det hadde selskapa slått seg saman til Urskog-Hølandsbanen (U.H.B.). Etter stortingsvedtak i 1900, vart banen forlenga dryge to km vestover inn til Sørumsand stasjon. Denne siste strekninga vart sett i drift frå 7. desember 1903[2]. Banen var då blitt 57 km lang. Selskapet hadde hovudkvarter på Bjørkelangen. Banen vart bygd på billegaste måte, som ein såkalla tertiærjernbane med sporvidde 750 mm. Dette gav altså banen tilnamnet «Tertitten». Fram til 1. januar 1945 var banen eit privat aksjeselskap. Då overtok Staten ved NSB og dreiv banen dei siste 13 åra under namnet Aurskog-Hølandbanen.

Banens trafikkgrunnlag var særleg skogs- og landbruksprodukt. Tømmer vart kjørt til Skulerud og derfrå fløytt til Halden. Tidlegare vart samtrafikk med DS «Turisten»Haldenkanalen ein populær turistattraksjon kalla «Den store rundreisen»; tog Oslo - Sørumsand, Urskog-Hølandsbanen til Skulerud, båt på Haldenkanalen til Tistedal, tog frå Tistedal, evt. Halden til Oslo.

I 1961 kom arbeidet i gang for å sikre Aurskog-Hølandbanen for ettertida, drive som eit lutlag med frivillig og uløna arbeidskraft. Etter ei tid fekk dei overta tre kilometer spor ved Sørumsand, to damplokomotiv og ein del vogner. Første veterantog gjekk i 1966. Det fanst ingen bygningar og ingen sidespor på denne banestrekninga. Heile anlegget som ein opplever ved eit besøk på «Tertitten» er bygd opp i museumsbane-tida. Tre av UHBs damplok og to av personvognene er restaurert. Restaureringsarbeid og driftsteknisk vedlikehald på det rullande materiellet pågår kontinuerleg.

Då «Tertitten» kom i gang som museumsjernbane var endepunktet litt utanfor sentrum i Sørumsand og skinnene inn til stasjonen var fjerna. I 1987 kunne dei første toga igjen køyre frå Sørumsand sentrum etter at ein dugnadsinnsats hadde forlenga banen inn dit. To år seinare var anlegget, med stasjonsbygning, ferdig og offisiell opning av forlenginga fann stad. Heile anlegget er freda. UHB er i dag ei stifting, og Venneforeningen Tertitten står saman med Museene i Akershus for drifta av museumsbanen.

Linjekart endre

 
No.2 «Urskog» og Killingmo stasjon på Jernbanemuseet.
 
Bjørkelangen stasjon.
 
Skulerud stasjon
Foto: Anders Beer Wilse (1907)
 
Kart med transportsystem inn til og i Haldenvassdraget.
Teiknforklaring
     Kongsvingerbanen frå Lillestrøm, Glomma
     0,00 km Sørumsand (1903) overgang til Kongsvingerbanen 120,1 moh.
     Sidespor til overgangskran og vognhall
    
    
     171 Blakerveien
    
      2,43 km Bingsfoss (1896, til 1903 endestasjon med overgang)
     Glomma
     Fossum bru (20 m), Kongsvingerbanen
   3,69 km Fossum (1896)
   171 Blakerveien
   6,53 km Kvevli (1896) 155,0 moh.
   10,46 km Mork (1896) 147,0 moh.
   14,35 km Kjellingmo (1896) 171,0 moh.
   16,20 km Finstadbru (1896) 160,8 moh.
   18,72 km Aurskog (1896) 153,0 moh.
   20,32 km Toverud (1948)
   22,63 km Lierfoss (1896) 139,6 moh.
   25,55 km Liermoen (1948)
   27,70 km Bjørkelangen (1896) 131,6 moh.
   29,90 km Furulund (1948)
   31,97 km Hornåseng (1898) 145,5 moh.
   35,60 km Brangerud (1948)
   37,16 km Fosser (1898) 136,8 moh.
   40,15 km Løken (1898) 134,4 moh.
   42,66 km Olbergveien (1948)
   44,13 km Hjellebøl (1898) 144,9 moh.
   48,80 km Hemnes (1898) 140,0 moh.
   52,40 km Slora (1898)
   Elverum bru (27,5 m)
   57,00 km Skulerud (1898) 125,3 moh.
   DS «Turisten» til Halden (1887–1963)

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Tertitt er «dialektnavn» for kjøttmeis
  2. 2,0 2,1 Bjerke, T. & Holom, F.S. (2004) Banedata 2004. Hamar/Oslo: Norsk Jernbanemuseum og Norsk Jernbaneklubb. ISBN 82-90286-28-7. Side 72-73

Kjelder endre

  • Bjerke, T. & Holom, F.S. (2004) Banedata 2004. Hamar/Oslo: Norsk Jernbanemuseum og Norsk Jernbaneklubb. ISBN 82-90286-28-7.

Bakgrunnsstoff endre