Urskogen i Komi er ein av UNESCO sine naturlege verdsarvstader og ligg nord i Uralfjella i republikken Komi i Russland. Med eit areal på 32 800 km² er han den største urskogen i Europa.

Urskogen i Komi
verdsarv
Land  Russland
Kart
Urskogen i Komi
65°04′00″N 60°09′00″E / 65.06666667°N 60.15°E / 65.06666667; 60.15
Wikimedia Commons: Komi Virgin Forests

Urskogen i Komi høyrer til taigaen i Uralfjella. Dei dominerande tresortane er sibirgran, sibiredelgran og sibirlerk, medan dei mest talrike dyreartane er reinsdyr, sobel, mink og hare.

Skogen høyrer til Petsjora-Ilytsj naturreservat og Jugyd Va nasjonalpark i Russland. Skogen vart ein verdsarvstad i 1995 og vart den første naturlege verdsarvstaden i landet. Dette førte til eit større fokus på området og det vart redda frå hogst. Det vert derimot drive ulovleg nedhogging og gullgruvedrift i området som trugar skogen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Urskogen i Komi

65°04′N 60°09′E / 65.067°N 60.150°E / 65.067; 60.150