Uster

kommune og by, Sveits

Uster er ein by og ein kommune i den sveitsiske kantonen Zürich. Kommunen har 32 285 innbyggjarar (2010) og eit areal på 29 km². Uster er hovudstad i distriktet (Bezirk) som har namn etter byen. Byen er den tredje største i kantonen og ein av dei tjue største byane i Sveits.

Uster
Horisonten til Uster
Horisonten til Uster
Kommunevåpenet til Uster
Kommunevåpenet til Uster


Plassering
Uster is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Zürich
Distrikt Uster
Språk tysk
Borgarmeister Martin Bornhauser
Geografi
Flatevidd
 - kommune

28,56 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

32 285
  1 130,4 /km²
Koordinatar 47°21′0″N 8°43′0″E / 47.35000°N 8.71667°E / 47.35000; 8.71667
Høgd over havet 464 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 8610
Nettstad: www.uster.ch

Kommunesenteret ligg 464 meter over havet, på austsida av Griefenvatnet. Uster ligg knapt 15 km aust for Zürich.

22. november 1830 samla i kring 10 000 mann seg til møte ved Uster. Forsamlinga, som vert kalla Ustertag, gjorde krav om ein ny konstitusjon for kantonen. Denne hendinga førte fram til at Sveits vart ein føderalstat.

Demografi endre

Nasjon[1] 12-31-2007 12-31-2008 12-31-2009 12-31-2010 12-31-2011 11-30-2012
  Sveits 77,67 % 77,92 % 78,53 % 78,67 % 78,43 % 78,03 %
  Tyskland 3,90 % 4,41 % 4,42 % 4,53 % 4,87 % 5,01 %
  Italia 4,47 % 4,31 % 4,12 % 4,06 % 3,94 % 3,87 %
  Portugal 1,46 % 1,52 % 1,56 % 1,55 % 1,60 % 1,68 %
  Serbia /   Montenegro 3,29 % 2,81 % 2,04 % 1,42 % 1,19 % 0,99 %
  Tyrkia 1,13 % 1,06 % 0,99 % 0,94 % 0,94 % 0,96 %
  Kosovo - - - 0,76 % 0,81 % 0,94 %
  Republikken Makedonia 0,95 % 0,88 % 0,94 % 0,95 % 0,91 % 0,92 %
  Austerrike 0,71 % 0,76 % 0,73 % 0,76 % 0,68 % 0,73 %
  Spania 0,78 % 0,72 % 0,67 % 0,64 % 0,67 % 0,69 %

Kjelder endre

Denne artikkelen bygger på «Uster» frå Wikipedia på tysk, den 3. september 2011.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Uster