Ein utopi er ein førestilt lukkeleg stad eller tilstand. Ordet er danna av dei to greske orda ou ('ingen') eller eu ('god') og topos ('stad'). Det kan brukast om urealistiske tankar om draumesamfunn, eller om romanar som skildrar slike samfunn.

Illustrasjon til Utopia av Thomas More.

Ordet «utopia» blei først brukt av briten Thomas More rundt 1516, då han gav ut De Optimo Reipublicae Statu deque Nova Insula Utopia, som regel kjend som Utopia, som var namnet på idealstaten More skildra i boka.

Det motsette av ein utopi er ein dystopi, ei skildring av eit svært dårleg samfunn. Både utopiar og dystopiar er vanlege å finna innan science fiction.

Kjende litterære utopiar endre

Kjelder endre