Eit vêrkart er eit reiskap som vert nytta innan meteorologi for å få eit raskt oversyn over informasjon og vise analysar av forskjellige meteorologiske storleikar i forskjellige nivå i atmosfæren.[1] Dei har vorte nytta sidan midten av 1800-talet og har vorte nytta både til forsking og til vêrvarsling. Ein stasjonsmodell vert nytta for å plotte data på ein effektiv måte, som seinare kan nyttast i analysen. Ved hjelp av kart der isotermar syner temperaturane,[2] kan ein finne vêrfrontar. Isotach-kart syner linjer med lik vindstyrke,[3] på konstante trykkflater i 300 hPa eller 250 hPa, slik at ein kan sjå kvar jetstraumen ligg. Ved å sjå på høgda til trykkflatene 700 og 500 hPa kan ein indikere rørsla til tropiske syklonar. Todimensjonale straumlinjer for forskjellige vindstyrkar kan vise område med konvergens og divergens i eit vindfelt. Ei vanleg form for vêrkart er analysekart, der ein plottar isobarar for å syne område med høgtrykk og lågtrykk. Spesielle vêrkart innan luftfart kan syne område med ising og turbulens.

Analysekart 20. januar 2006, kl. 13. Ekstremvêret Narve med isobarar og frontar.
Foto: Meteorologisk Institutt

Historie endre

 
Analysekart av Den store snøstormen i 1888 den 12. mars 1888 kl. 22

Ein starta å bruke vêrkart på midten av 1800-talet for å utvikle ein teori om uvêrssystem.[4] Utviklinga av telegrafnettverket i 1845 gjorde det mogeleg å samle vêrinformasjon frå fleire stader raskt nok til at ein kunne få eit oversyn over vêrsituasjonen over større område. Smithsonian Institution i USA utvikla eit nettverk av observatørar over det meste av det sentrale og austlege USA mellom 1840- og 1860-åra, då Joseph Henry tok over styringa av instituttet.[5] U.S. Army Signal Corps tok over dette nettverket mellom 1870 og 1874 etter ei lov i Kongressen og utvida nettverket til vestkysten like etterpå.

I byrjinga vart ikkje alle data på kartet teken frå desse analysane fordi ein ikkje hadde eit standard tidssystem. Dei første forsøka på å standardisere tida fann stad i Storbritannia i 1855. Heile USA vart ikkje inndelt i tidssoner før 1905, då Detroit omsider oppretta standardtid.[6] Internasjonalt følgde andre land etter USA ved å ta vêrobservasjonar samstundes, frå 1873 og frametter.[7] Andre land byrja så å lage analysekart. Bruken av frontsonar på vêrkarta dukka ikkje opp før den norske syklonmodellen kom seint i 1910-åra, trass i at Loomis hadde prøvd seg på noko liknande alt i 1841.[8] Sidan framkanten av forskjellige luftmassar likna militærfrontane ein såg på kart frå den første verdskrigen vart namnet «front» òg nytta om desse linjene på vêrkarta.[9]

Trass i innføringa av den norske syklonmodellen like etter den første verdskrigen, var det fleire land som ikkje innførte frontar på analysekarta sine før mange år seinare.[10] I starten vart alle teikn på vêrkarta teikna in for hand, men i 1969 starta ein i USA og automatisere kartplottinga.[11] og prosessen var ferdig i 1970-åra. I 1999 hadde datasystema vorte sofistikerte nok til at ein kunne leggje både satellittbilete, radarbilete og modellfelt på same bilete. Dette gjorde det mogeleg å lage langt betre analysar.

Plotting av data endre

 
Vindpiler
For meir om dette emnet, sjå stasjonsmodell.

Ein stasjonsmodell er ein symbolsk illustrasjon som syner vêret på ein enkelt vêrstasjon. Meteorologar skapte stasjonsmodellen for å plotte mange vêrelement så lite som mogeleg på eit vêrkart. Kart fylte med tette stasjonsmodellplott kan vere vanskeleg å lese, men dei gjer at meteorologar, pilotar og sjøfolk kan sjå viktige vêrmønster. Ein datamaskin kan i dag teikne ein stasjonmodell for kvar vêrstasjon. Stasjonmodellen vert hovudsakleg nytta på analysekart, men kan òg nyttast til å vise vêret i høgda. Eit komplett kart med stasjonsmodellar gjer at ein kan analysere mønster i lufttrykk, tempeatur, vind, skydekke og nedbør.[12]

Stasjonsmodellar vert plotta med ein internasjonal standard som har endra seg lite sidan 1. august 1941. Element i plottet syner dei viktigaste vêrelementa, som temperatur, doggpunkt, vind, skydekke, lufttrykk, trykktendens og nedbør.[13][14]Vinden vert teikna som piler med haker på eine sida. Pila peiker i den retninga vinden bles, medan ein hake viser til 10 knops vind, og ein halv hake viser 5 knop. Fire haker vert då 40 knop. For vind opp i 50 knop vert hakene endra til eit flagg.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Encarta (2009). «Chart». Microsoft Corporation. Arkivert frå originalen 1. november 2007. Henta 1. mai 2010. 
  2. DataStreme Atmosphere (28. april 2008). «Air Temperature Patterns». American Meteorological Society. Arkivert frå originalen 11. mai 2008. Henta 1. mai 2010. 
  3. Jay Snively (2010). «H-I-J». MAPS GPS. Arkivert frå originalen 2. april 2018. Henta 1. mai 2010. 
  4. Human Intelligence (25. juli 2007). «Francis Galton (1822-1911)». Indiana University. Arkivert frå originalen 15. oktober 2018. Henta 1. mai 2010. 
  5. John D. Cox (2002). Stormwatchers: The Turbulent History of Weather Prediction From Franklin's Kite to El Nino. John Wiley & Sons, Inc. s. 53–56. ISBN 047138108X. 
  6. WebExhibits (2008). «Daylight Saving Time». Idea. Arkivert frå originalen 15. september 2005. Henta 1. mai 2010. 
  7. National Oceanic og Atmospheric Administration (30. mai 2007). «An Expanding Presence». United States Department of Commerce. Henta 1. mai 2010. 
  8. David M. Schultz (7. september 2006). «Perspectives on Fred Sanders's Research on Cold Fronts» (PDF). Cooperative Institute for Mesoscale Meteorological Studies. s. 5. Henta 1. mai 2010. 
  9. Bureau of Meteorology (2010). «Air Masses og Weather Maps». Commonwealth of Australia. Henta 1. mai 2010. 
  10. Hydrometeorological Prediction Center (1. mars 2007). «A Brief History of the Hydrometeorological Prediction Center». National Oceanic and Atmospheric Administration. Arkivert frå originalen 26. mai 2010. Henta 1. mai 2010. 
  11. National Meteorological Center (Januar 1969). «Prospectus for an NMC Digital Facsimile Incoder Mapping Program» (PDF). Environmental Science Services Administration. Henta 1. mai 2010. 
  12. CoCoRAHS (2005). Introduction to Drawing Isopleths. Arkivert 2007-04-28 ved Wayback Machine. Colorado Climate Center. Henta 1. mai 2010.
  13. National Weather Service (2003). Station Model Example. Henta 1. mai 2010.
  14. Dr Elizabeth R. Tuttle (2005). Weather Maps. J. B. Calvert. Henta 1. mai 2010.