Eit vadbein vernar ripa i ein båt mot å verte skamfilt av fiskesnøre. Vabeinet kan ha ulik konstruksjon og utsjånad. Ofte har den form som ein rull som vert festa på ripa. Når snøret som vert lagd på rullen vert drege, går rullen rundt og vert halden vekk frå ripa. Samstundes vert det gjerne lettare å drage snøret. Vadbeinet er særleg bruka ved pilking eller juksing, når ein dreg snøret eit godt drag raskt opp og så slepper det ned att, om att og om att.

Vadbein på Island
Vadbein teikna av Hans Strøm i 1762

Vabeinet kan og vere ein tilforma hard stokk som vert festa på ripa, under snøret. Då vert slitasjen på stokken, og ripa vert spard.

Tidlege vadbein endre

På buplassar, frå steinalderen, i Finnmark er det funne vabeinar laga av bein eller horn, ofte reindyrsgevir. Dei er heller små, og tilforma for å settast ned på tynne båtriper. Sidan dei er harde og glatte vernar dei ripa, samstundes glir snøret lett. Utforminga syner at dei ikkje er laga for skinnbåtar, men brukarane må ha hatt trebåtar eller stokkebåtar med tynn ripe.[1]

Kjelder endre

  1. Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster. Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider Pax Forlag A/S Oslo 2022 side 38, ISBN 978-82-530-4310-4