Vadestad, eller kortare vad, er nemninga på ein stad der der ein stig eller ein veg kryssar ei elv eller eit sund der det ikkje er for djupt til at dyr eller menneske kan gå over. Vadestaden eller vadet kan vere ei naturleg eller kunstig grunne i elva, og det kan til dømes vere lagt ut stein til å gå turrskodd på. Slike stader kan også byggjast opp med kavlebru eller påleverk.

Buss kryssar ei elv ved ein vadestad på Island.
Ein steinsett vadestad i Mézilles i Frankrike.
Japanske soldatar kryssar grenseelva Yalu under den russisk-japanske krigen 1904-1905. Vadestader over store elver har ofte vore viktige i militær samanheng.

Ordsoge endre

Vadestader har gjeve opphav til mange gards- og stadnamn. Stadnamnet Vadheim syner til dømes til ein vadestad. Vad og tilsvarande ord på andre språk, er òg etterlekk i mange stadnamn og gardsnamn, som til dømes i det norske stadnamnet og gardsnamnet Øksnevad eller Øksnavad, som tyder vadestad for oksar. Dei engelske orda for vadestad, ford, forth, som i dei engelske stadnamna Oxford (Oksevad, altså den engelske parallellen til det norske Øksnevad) og Gosforth (Gåsevad), og det tyske ordet for vadestad, furt, som i Frankfurt (folkegruppa frankaranes vad), er somme av ei mengd døme på dette. Orda vad, ford og furt stammar frå den same urgermanske rota *furduz, og er i slekt med det norske ordet fjord.[1][2]

Ikkje berre Frankfurt (både am Main og an der Oder) er knytt til folkegruppa frankarane, men òg andre vad eller furt: Frangenkenforde i Westfalen, Frankenvurth ved øvre Ems og Frankenförde i Brandenburg. Men ingen vadestader, furt, er knytt til dei andre folkegruppene som har halde til i denne luten av Europa i gamal tid; soleis ingen Schwabenfurt, Sachsenfurt, Hessenfurt eller Baiernfurt.

Det engelske stadnamnet Gosforth, som tyder 'gåsevad', er underleg, då korkje tamgås eller villgås treng vadestader for å kome seg over elver. Namna på fleire ulike små og store dyr, mellom anna slike smådyr som ikkje likar vatn, finst som fyrste lekk i mange stadnamn som endar på -furt eller -ford, til dømes Hassfurt (som tyder Harevad, eit vad som harane eventuelt skulle ha nytta for å kome seg over elva), Schweinfurt (Svinevad, som soleis skal ha vore eit vad for svin), Hirschfurt (som tyder Hjortevad), og til og med eit Katzenfurt (Kattevad). Ved elva Main finst Ochsenfurt, som er den tyske varianten av det norske Øksnevad, tilsvarande Sør-Englands Oxford ved elva Themsen, der ein òg finn Swinford (altså eit Svinevad). Ikkje meir enn om lag tre kilometer nord for Oxford ligg det òg eit Gosford (Gåsevad).

I sjeldsynte høve er fyrstelekken til og med ein matvare, som Honigfort (Honningvad) og Käsevort (Ostevad) i Westfalen. Difor har det vore spekulert over om namn av denne typen syner til førkristne offerstader ved vadestader der gås, okse etc. vart ofra. Arkeologiske funn syner at ofringar i elver, myr og vatn har vore vanleg, og at det kunne vere sett opp tre- og steinfigurar av ulike slag ved bruer og andre vegkonstruksjonar over myr og våtmark.

Kjelder endre

  1. Elof Hellquist (1922). «fjord». Svensk etymologisk ordbok. s. 139. 
  2. «ford, n.1». OED Online. Oxford University Press. juli 2018. 

Litteratur endre

Teorier om at førkristne offerstader kan ha vore knytt til vadestader, sjå:

  • Amstadt, Jakob. 1991. Südgermanische Religion seit der Völkerwanderungszeit. Stuttgart, Berlin, Köln: Verlag W. Kohlhammer. ISBN 3-17-011281-3