Vados er ei sone i jorda mellom jordoverflata og toppen av den freatiske sona, sjiktet der grunnvatn er ved atmosfærisk trykk. Vatn i den vadose sona har eit vassøyletrykk som er mindre enn atmosfærisk trykk og vert halde der av ein kombinasjon av adhesjon og kapillaritet. Om den vadose sona omhyllar jordsmonn vil vatnet i sona verte kalla jordfukt. I finkorna jord vil kapillariteten få porene i jorda til å bli heilt metta opp til vasspegelen ved eit trykk mindre enn det atmosfæriske. I slik jord er derfor den umetta sona den øvre delen av den vadose sona og ikkje lik den vadose sona som han ofte er.

Vassrørsler i den vadose sona vert studert i jordfysikk og hydrologi, særleg hydrogeologi, og er viktig for jordbruk, transport av forureining og flaumkontroll. Richardslikninga vert ofte nytta for å matematisk skildre vasstraumen, som er delvis basert på Darcy-lova.

I geologi endre

I geologi vert omgrepet vados nytta om vatn i undergrunnen som stammar frå nedbør. Det motsette er juvenil.

Sjå òg endre

Kjelder endre