Ein vaffel (fleirtal: vaflar) eller ei vaffelkake (dessutan kalla bakels i Nordmøre, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) er ei tjukkvoren, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vafler kan vera rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange stader i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.

Svenske våfflor med iskrem og bringebær. (Foto: Per Erik Strandberg)
Eit vaffeljarn av skandinavisk type.
Ein belgisk vaffel av brusseltypen (gaufre).

Mormors vaffeloppskrift[1] endre

  1. Visp egg og sukker
  2. Rør natron i rjoma og bland saman
  3. Spe med mjøl og egg om kvarandre
  4. Rør i smøret til slutt
  5. La røra svelje i ein halvtime. Ho kan godt kvile i kjøleskåpet til neste dag
  6. Vaflene er best med rjome og plommesylte

Ingrediensar endre

  • 3 egg
  • 0.75 dl sukker
  • 1 dl setersjome
  • 0.5 ts natron
  • 4 dl mjølk
  • 5 dl kveitemjøl
  • 1 dl smelta smør
      Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. http://dinmat.no/Mormors-vafler