Valais/Wallis
Tysk: Wallis
Fransk: Valais
Italiensk: Vallese
Retroromansk: Vallais

Våpenet til Valais/Wallis

Kart som viser kor i Sveits Valais/Wallis ligg.

Hovudstad Sion
Språk fransk (63 %), tysk (28 %)
Folketal 312 684 (2011)
Areal 5 224 km²
Folketettleik 60/km²
Forkorting VS
Kanton sidan 1815
Høgaste topp 4634 m (Dufourspitze/Pointe Dufour)

Valais (fransk) eller Wallis (tysk) er ein kanton i den sørvestlege delen av Sveits. Han har 307 392 innbyggjarar. Valais er eit alpeområde som grensar til Frankrike (Rhône-Alpes) i vest og til Italia (Aostadalen og Piemonte) i sør. Valais har felles grenser med kantonane Vaud, Bern, Uri og Ticino.

Geografi endre

Elva Rhône (tysk Rotten) renn gjennom midten av Valais. Ho startar frå kjelda ved Rhonebreen og renn vestover til Genèvesjøen. Valais er mesta identisk med nedslagsfeltet til Rhône for denne delen av elva.

Mot nord går grensa til Valais gjennom Bern-Alpane og Vaud-Alpane, i sør ligg Wallis-Alpane med mange av dei høgaste fjella i Sveits: Dufourspitze (4 634 m), Dom (4 545 m), Liskamm (4 527 m), Weisshorn (4 505 m), Täschhorn (4 491 m) og Matterhorn (4 478 m). Sidan Valais ligg inne mellom desse fjellkjedene, er klimaet varmt og tørt. Store delar av kantonen har steppeklima. Dei tre største isbreane i Alpane, Aletschgletscher, Gornergletscher og Fieschergletscher, ligg i Valais.

Folk, språk og religion endre

I Øvre Valais (Oberwallis, Haute Valais) blir det snakka ei alemannisk dialekt av tysk (höchstalemannisch), i Nedre Valais (Bas Valais, Unterwallis) blir det snakka fransk og frankoprovençalsk. Totalt talar om lag 60 % av innbyggjarane fransk (eller frankoprovençalsk), 30 % tysk og 3 % italiensk.

Kantonen sine offisielle språk er fransk og tysk. Kommunane vel anten fransk eller tysk som administrasjonsspråk.

81 % av innbyggjarane er katolikkar (2000), 6 % er protestantar. Andre utgjer 13 %.

Dei fleste medlemmene av Sveitsargarden blir rekruttert frå Valaisområdet.

Distrikt og kommunar endre

Valais består av 153 kommunar i 14 distrikt. Med unnatak av Raron, som har vorte delt i to, tilsvarar desse distrikta dei 13 opphavlege kommunane (Zehnden) som danna Wallis, og som er symbolisert ved dei 13 stjernene i kantonvåpenet. Distrikta er:

Byar endre

Dei største byane er:

Politikk endre

Parlamentet i kantonen er Grosser Rat/Grand Conceil, som er sett saman av 130 folkevalde representantar. Ved dei to siste vala oppnådde partia denne representasjonen:

Dei kristeleg-konservative partia CVP og CSP styrer med absolutt fleirtall. Dei har hatt eit slikt fleirtall dei siste 150 åra.

Regjeringa er statsrådet (Staatsrat/Conceil d'Etat), som har 5 direkte folkevalde medlemmer (3 CVP, 1 FDP, 1 SP).

Historie endre

Valais vart i løpet av det første tusenåret i vår tidsrekning kolonialisert frå to hald: Mens burgundarar slo seg ned i vest (Nedre Valais), vart Øvre Valais (i aust) kolonialisert av alemannar. Frå denne tida stammar skiljet mellom det tyskspråklege Øvre og det fransktalande Nedre Valais. I 999 overlèt kong Rudolf III av Burgund Valais til biskopen i Sitten (Sion), som i 1032 vart opphøgd til riksfyrste av det tysk-romerske riket. Etter lang tids ufred vart Valais i 1301 delt mellom hertugdømmet Savoie (som fekk Nedre Valais) og biskopen i Sitten (som beheldt Øvre Valais).

Øvre Valais, som på denne tida var sett saman av sju ganske sjølvstendige bondekommunar (såkalla Zehnden), vart i 1416 ein «vennlegsinna stad» (zugewandter Ort, dvs. forbundsfelle) av det sveitsiske edsforbundet. I 1475 erobra Øvre Valais Nedre Valais og gjorde det til sin vasallstat (Untertanenland). Innbyggjarane i Nedre Valais fekk først medbestemmingsrett i 1799. Frå 1810 til 1815 var Valais (samla) eit fransk distrikt og vart etter dette ein sveitsisk kanton.

Kjende personar endre

Bakgrunnsstoff endre