Valldalsvatnet er ein regulert innsjø som ligg i Valldalen på den sørvestlege luten av Hardangervidda, og høyrer til Ullensvang kommune i Vestland. Ei meir enn 90 meter høg demning som vart bygd tvers over Hyttejuvet lengst sør i Valldalen på 1960-talet for å gjere Valldalen til eit magasin for vasskraftverka i Røldal-Suldal-utbygginga, sette så å seie heile den opphavlege stølsdalen Valldalen under vatn. Med dette vart det skapt ein ny ti kilometer lang innsjø, med det opphavlege om lag to kilometer lange Valldalsvatnet liggjande heilt nord i dette magasinet.

Valldalsvatnet
innsjø
Valldalsvatnet sett frå nord.
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Høgd over havet 745 moh.
Areal 6,78 km²
Kystlengd1 24,32 km
Koordinatar 59°55′02″N 06°55′54″E / 59.91722°N 6.93167°E / 59.91722; 6.93167
Kart
Valldalsvatnet
59°55′02″N 6°55′54″E / 59.917222222222°N 6.9316666666667°E / 59.917222222222; 6.9316666666667
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Valldalsvatnet ved demninga

Kulturminne som vart lagt under vatn endre

Før igangsetjinga av utbyggingsarbeidet, vart det i 1962-1964 gjort arkeologiske registreringar og utgravingar i Valldalen, og det vart då funne ein buplass frå steinalderen, to hustufter og ein verkstadsplass frå vikingtida og mellomalderen, og mange hustufter frå nyare tid i denne dalen på om lag sju hundre meter over havet, der det før neddemminga hadde vore seterdrift. Verkstadplassen var eit sjeldsynt funn ved å syne seg å ha vore ein produksjonsstad for perler av bergkrystall, for ein slik verkstadplass var ikkje funne i Noreg tidlegare. Etter alt å døme, har plassen vore nytta i vikingtida.

Den største av hustuftene vart greve ut, og er truleg leivningar etter hus som var nytta av fastbuande mot slutten av vikingtida, eller på 1100-talet. Huset hadde vore tjue meter langt og fire meter breitt, og inndelt i fire rom, der det to av romma truleg har vore bustad, det tredje forrådsrom og det fjerde og største vore uthus. Folket har truleg halde husdyr. Eit ljåblad eller ein sigd vart funne i hustufta, og to pilspissar tyder på at det har vore drive jakt.

Ein heller, Ullshelleren, som vart utgrave under leiing av arkeologen Knut Odner, synte seg å ha vore nytta som bustad for menneske i lang tid, er òg sett under vatn. Her vart det mellom anna funne helleristingar av bronsealdertype. Motiva var skip, hestar og fotsolar, som er dei same som er å sjå på dei såkalla «jordbruksristingane» på svaberg i gamalt jordbruksland i låglandet.

Av det som vart registrert, og av det som vart grave ut, går det fram at fleire interessante kulturminne frå gamal tid kunne ha vore å finne i det terrenget som no ligg i djupet av Valldalsvatnet.

Kjelder endre

  • Svein Indrelid. 2014. Oppdagelser på Hardangervidda, side 140-145. Kvinnherad: Forlaget Nord 4. ISBN 978-82-7326-108-3