Vangen kyrkje

kyrkje ved Aurlandsvangen
Denne artikkelen er om Vangen kyrkje i Aurland, for Vangskyrkja på Voss sjå Voss kyrkje.

Vangen kyrkje er ei einskipa steinkyrkje midt på Aurlandsvangen i Aurland kommune i Vestland.

Vangen kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Aurland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Vangen
Fellesråd Aurland
Stad Aurlandsvangen
Type Langkyrkje
Periode Tidleg gotikk
Teknikk Kistemur
Material Stein
Tårn Stopul i tre
Preikestol Frå 1600-talet
Døypefont Frå 1928, i kleberstein
Altartavle Frå 1926, av Anton Lang
Sitjeplassar Ca. 270
Diverse Glasmåleri frå 1926 av Emanuel Vigeland
Kart
Vangen kyrkje
60°54′21″N 7°11′17″E / 60.9059°N 7.188°E / 60.9059; 7.188
Wikimedia Commons: Vangen kyrkje
Interiør
Foto: florisla

Kyrkja vert òg kalla Sognedomen og har vore omtala som Sogn domkyrkje. Ho er den største mellomalderkyrkja i Sogn. Ein reknar med at kyrkja er bygd tidleg på 1200-talet, men at det då var det som sidan vart kor som var heile kyrkja, og at det store kyrkjeskipet vart bygd til på slutten av 1200-talet. Under restaurering i 1860 vart det funne eit skinnbrev datert 1202 i altaret, det er seinare kome bort. Døypefonten frå 1200-talet er i Bergen Museum.

Klokkestopul i tre

Kyrkja er soknekyrkje i Vangen sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Aurland prestegjeld.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre