Varangerfjorden

fjord i Finnmark

Varangerfjorden (samisk Várjjatvuotna, finsk Varanginvuono) er ein fjord i Finnmark og den austlegaste fjorden i Noreg. Fjorden er om lag 95 km lang.

Varangerfjorden

Ved munningen, mellom Vardø i nord og Grense Jakobselv nær Kirkenes i sør er fjorden om lag 70 km brei. Fjorden strekkjer seg vestover mot Varangerbotn i kommunen Nesseby.

Av kommunar ved fjorden finn ein Vardø og Vadsø på nordsida, Sør-Varanger på sørsida og Nesseby i den indre delen.

Geografi endre

Fjorden ligg på sørsida av Varangerhalvøya. Den største busetnaden på nordsida av fjorden er byen Vadsø som ligg om lag halvvegs inn i fjorden. Andre stader på nordsida er Kiberg, Komagvær, Skallelv, Krampenes, Ekkerøy, Golnes, Vestre Jakobselv og tettstaden Nesseby. På sørsida ligg byen Kirkenes (ved Bøkfjorden) Bugøynes og Karlebotn.

Inst i fjorden stikk Selešnjárga ut i fjorden her ligg fjordane Karlebotn på sørsida og Meskfjorden på nordsida. Inst i Meskfjorden ligg Varangerbotn

I den ytre delen av fjorden på sørsida ligg fleire øyar. Den største av desse er Skogerøya like nord for Kirkenes. Her ligg òg Kjelmøya og Reinøya.

Fjordarmar endre

Alle fjordarmane, om ein ser bort i frå Karlebotn og Meskfjorden i botn, ligg på sørsida av fjorden, og dei fleste i den ytre delen av fjorden rundt Kirkenes.

Historie endre

Kvenene som bur ved Varangerfjorden er stort sett etterkomarar etter finske immigrantar som kom til området på 1800-talet frå Finland og Nord-Sverige.

På den første halvdelen av 1800-talet var sjansen for at Russland kom til å krevje ein del av kysten langs Varangerfjorden eit politisk tema i Europa, noko som gjorde at kong Oskar I gjekk inn i allianse med Storbritannia og Frankrike for å hindre dette.

Kjelder endre

70°00′N 30°00′E / 70.000°N 30.000°E / 70.000; 30.000