Varlia, tidlegare skrive Vardlia og Varlien, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 2.[2][3]

Varlia
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 2[2][3]

Geografi endre

Varlia ligg på nordsida av Skifjorden og grensar i vest til Laberget, i nord til gardar i Fjaler kommune og i aust til Bordvika.[3] Fylkesveg 61 i Sogn og Fjordane går over garden eit stykke nedom tuna.

Historie endre

Varlia er ein gammal gard. Nabogarden i vest, Laberget vart skilt ut frå Varlia i 1796. Det har vore to bruk på Varlia sidan 1849.[3]

Namnet endre

Namnet kjem av fjellet Varden, som no ligg på nabogarden Laberget.[3] I kjeldene er namnet skrive «Warlienn» (1608), «Waarlien med Ladeberrig» (1667) og «Warlien med Ladberg» (1723).[4]

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Varlia» i 2003 og avviste samstundes «Vardlia».[5]

Når gardsnamnet vert brukt som slektsnamn plar det skrivast «Varlid».

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 20. november 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 20. november 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Inger Kellmer (1990). «Varlia : Gnr. 2». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 20. ISBN 8299219817. 
  4. «Oluf Rygh: «Varlien» i Norske Gaardnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». 
  5. «yr.no».  Vitja 20. november 2010

Vidare lesnad endre

Bakgrunnsstoff endre