Varna (bulgarsk Варна) er ein by og ein kommune i provinsen Varna i Bulgaria og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byen Varna og fem andre busetnader. Byen vart grunnlagd som den greske koloninen Odessos i 580 fvt.

Varna
Варна
Kommune
Stranda i Varna
Våpenskjold
Land  Bulgaria
Provins Varna
Høgd 79 moh.
Koordinatar 43°12′28″N 27°55′1″E / 43.20778°N 27.91694°E / 43.20778; 27.91694
Areal 237,675 km² [1]
Folketal 343 704  (2011)[2]
Folketettleik 1&nbsp446,11 / km²
Grunnlagd 580 fvt.
Postnummer 9000-9030
Retningsnummer 052
Kart
Varna
43°12′28″N 27°55′05″E / 43.2077°N 27.918°E / 43.2077; 27.918
Varna kommune i provinsen Varna
Varna kommune i provinsen Varna
Varna kommune i provinsen Varna
Wikimedia Commons: Varna Municipality
Nettstad: varna.bg

Varna er den største byen på den bulgarske svartehavskysten, og den tredje største byen i Bulgaria etter Sofia og Plovdiv. Byen, som er den største turistbyen i Bulgaria, er kjend for badestrendene sine og er ein stor hamneby. Her ligg mellom anna hovudkvarteret for den bulgarske marinen og handelsflåten.

Byen vart mellom 1949 og 1956 kalla Stalin etter den sovjetiske leiaren.

Areal og folketal endre

Kommunen har eit areal på 238 km2.[1] Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 343 704 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 334 870 innbyggjarar.[2]

Dei største busetnadene i kommunen er:[2]

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)
Varna Варна  334 870
Topoli Тополи  3 148
Kamenar Каменар  2 594
Konstantinovo Константиново  1 570
Zvezditsa Звездица  1 188

Storbyområdet endre

Til storbyområdet for Varna høyrer heile kommunen Varna i tillegg til kommunane:[3]

Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 408 642.[2]

Administrativ inndeling endre

Byen Varna er delt inn i fem distrikt.[4]

Historie endre

Området har vore folkesett i lang tid. Handelskolonien Odessos vart grunnlagd av joniske grekarar frå Milet rundt år 580 f.Kr.

 
Theotokos katedral i Varna

På grunn av handelen med thrakarane var denne greske byen raskt viktig. På 200-talet fvt. kom byen inn under Makedonia og det første hundreåret fvt. vart byen innlemma i Romarriket. På 100-talet e.Kr. vart det bygd eit romersk bad her som i dag er den største romerske etterlevninga i Bulgaria.

I 681 vart byen erobra av den bulgarske khanen Asparuch. Frå denne tida fekk byen sitt noverande namn. Under Det første bulgarske riket på 800- og 900-talet var Varna eit viktig senter for kristendomen, og under Det andre bulgarske riket på 1200-talet vart byen ein handverkstad med ei viktig hamn. Det oppstod ruter mellom nordlege Bulgaria og Konstantinopel, og seinare med Dubrovnik og dei italienske byane Venezia og Genoa.

I 1391 vart byen erbobra av Det osmanske riket, som gjorde byen til ein kystbastion på grunn av den militærstrategiske plasseringa. 53 år seinare, 10. november 1444, fall den polske kongen Wladyslaw III i Slaget ved Varna, då 30 000 korsfararar samla ved hamna for å segle til Konstantinopel vart angripe av 120 000 mann leia av sultanen Murad II. Wladyslaw sitt mausoleum ligg i Varna. Korsfararane måtte trekke seg tilbake, og klarte ikkje å erobre Konstantinopel, og Varna vart under ottomansk styre i fire hundreår til.

I 1828 erobra den russiske flåten Varna, men klarte berre halde på han i to år. Under Krimkrigen mellom 1853 og 1856 spela Varna ei stor rolle. Staden vart omleira i 1854 av britiske og franske troppar.

 
Varna i 1897

Sjølv om Russland og Det osmanske riket kjempa fleire slag i Varna på 1700- og 1800-talet opplevde byen på 1830- og 1840-talet ein økonomisk oppgang, og vart sete for fleire europeiske lands konsulat. Den første jarnbanelinja i Det osmanske riket, innvigd i 1866 knytte Varna saman med Ruse ved Donau og dermed med Vest-Europa. Ho stimulerte utviklinga av skipsfart og lett industri. Sjølv etter sjølvstende til Bulgaria frå Det osmanske riket 28. juli 1878 var Varna ein viktig hamne- og handelsby.

I 1893 vart det sosialdemokratiske partiet grunnlagd i byen, og i 1901 streika for første gong hamnearbeidarane i Varna. Under den andre verdskrigen kjempa bulgarska partisanar og den tyske krigsmakta i byen. Varna var sentrum for den tiande operasjonsarméen. Den 8. august 1944 erobra sovjetiske stridskrefter og bulgarske partisanar byen. Etter at den kommunistiske regjeringa i Sofia vart styrta 10. november 1989 vart demokrati òg innført i Varna.

Det arkeologiske museet i byen inneheld delar av det store gullfunnet i Varna, som er den eldste gullskatten i verda.

Økonomi endre

Varna er eit viktig økonomisk sentrum for Bulgaria og heile svartehavsregionen. Dei største industriane er mellom anna handels- og transportindustri, skipsbygging og fabrikkindustri. Turismen er svært viktig for byen og badebyane i nærleiken, som Albena og Golden Sands, med fleire millionar vitjande kvart år. I lag med den nærliggande byen Devnja er Varna eit industrielt senter med nokre av dei største fabrikkane i Bulgaria.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  3. Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
  4. Administrative-territorial and territorial division of the Republic of Bulgaria as of 31 December 2019 («Administrativ-territoriell og territoriell inndeling av Republikken Bulgaria per 31 desember 2019»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet», publisert 21.05.2020)