Varv er eit årleg avsetingslag for sediment eller ein sedimentær bergart.

Varv frå pleistocen ved Scarboro Cliffs i Toronto i Ontario, Canada. Dei tjukkaste varva er meir enn ein halv tomme tjukke.

Omgrepet varv kjem frå det svenske varv som tyder «kvarv», «lag» eller «krins». Termen oppstod som hvarfig lera (lagdelt leire) på det første kartet som var laga av Sveriges geologiske undersøkingar i 1862. Varv vart opphavleg brukt for å skildre separate komponentar av årlege lag i glasiale innsjøsediment, men på Geological Congress i 1910 foreslo den svenske geologen Gerard Jakob De Geer (1858-1943) ein ny formell definisjon der varv skulle skildre årslag generelt for sedimentære avsettingar. Nyleg er òg omgrep som årleg lamina brukt synonymt med varv.

Av dei mange rytmittane funne i den geologiske lagrekka, er varv ein av dei viktigaste og mest opplysande for å studere historiske endringar i klima. Varv er blant dei mest småskala hendingane ein kan kjenne att i stratigrafi.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Varv» frå Wikipedia på bokmål, den 11. september 2010.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
    • De Geer, G. (1940), Geochronologia Sueccia Principles. Kungl. Svenska Vetenskapsademiens Handlingar, Tredje Serien. Band 18 No.6.
    • Lowe, J.J. and Walker, M.J.C. (1984), Reconstructing Quaternary Environments. Longman Scientific and Technical.
    • Sauramo, M. (1923), Studies on the Quaternary varve sediments in southern Finland. Comm. Geol. Finlande Bulletin 60.
    • Wohlfarth, B. (1996), The chronology of the Last Termination: A review of radiocarbon-dated, high-resolution terestrial stratigraphies. Quaternary Science Reviews 15 pp. 267-284.

Sjå òg endre