Vatikanpalasset er den offisielle residensen til paven i Vatikanstaten, og ligg ved sida av Peterskyrkja.

Vatikanpalasset

ArkitektBramante
StilRenessansearkitektur
Kart
Vatikanpalasset
41°54′13″N 12°27′23″E / 41.903611111111°N 12.456388888889°E / 41.903611111111; 12.456388888889

Palasset er eit samansett kompleks av bygningar som omfattar leilegheitene til paven, hovudkontora til den katolske kyrkja, ei mengd kapell, Vatikanmusea og Vatikanbiblioteket. Totalt er det over 1 000 rom, der dei mest berømte er Det sixtinske kapellet med freskar av Michelangelo og Rafaels stansar med freskar av Rafael.

Palasset blei bygd på 1200-talet, men paven flytta ikkje inn før i 1377 eller 1378. Palasset blei påbygd, pussa opp og utvida mykje på 1400- og 1500-talet.

Pave Frans har førebels ikkje flytta inn i Vatikanpalasset, men har føretrekt å bli verande buande i Domus Sanctae Marthae der han har budd sidan konklavet som valde han. Han planla likevel å bruka kontora i Vatikanpalasset.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vatikanpalasset