Ved (frå norrønt viðr, 'tre, skog') er trevyrke som kan brukast til brensel. Brennverdien til veden varierer med fuktprosenten og eigenvekta til trevyrket.

Tilverking av ved med vedkløyvar.
Ei kvinne i Uganda ber ved til husbruk på hovudet.

Det er vanleg å bruka tre som ikkje passar til andre føremål, som tynne eller krokete greiner og avkapp frå treindustrien, til brensel. Før han kan brennast bør veden delast opp i mindre stykke slik at han har ei stor overflate elden kan ta fatt i. Dette gjer ein gjerne ved å saga han opp eller kløyva han med øks på ein hoggstabbe.

Ved er den eldste kjelda til energi ein kjenner til, og vedfyring er framleis vanleg i store delar av verda. Om lag halvparten av hushaldningane i Noreg fyrer med ved og den årlege avverkinga til ved frå norske skogar utgjer kring to millionar kubikkmeter. Ved kjøp og sal av skieved har ein i Noreg tradisjonelt nytta eit vedmål tufta på famn.

Ved er ein fornybar ressurs så lenge ein ikkje tek ut meir enn det som veks til. Mangel på ved i nokre område har ført til avskoging og ørkenspreiing.

Historie endre

Før kolet som vart brukt etter den industrielle revolusjonen, det vil seia det meste av historia til menneskja, var veden den viktigaste kjelda til hydrokarbonbrensel. Tilgang til ved var såleis ein verdsett ressurs, og retten til å samla inn ved var ein viktig del av leigeavtalar under mellomalderen. Så seint som på 1800-talet i Amerika meinte Henry David Thoreau at det var «påfallande kva for ein verdi som framleis er sett på tre, sjølv på denne tida og i dette landet … prinsen og bonden, den lærde og villmannen, krev båe framleis like mykje nokre pinnar frå skogen for å varma dei og laga maten sin.»[1]

Innhausting endre

 
Holzsammelnde Kinder (1848) av Karl Friedrich Schulz.

Hausting eller innsamling av ved varierer etter region og kultur. Nokre stader har spesifikke område for innsamling av ved. Ein kan driva skogbruk med jamn klipping eller styving av tre som gjev rask tilvekst av trevyrke som kan brukast til mellom anna ved.[2] Andre stader kan ein samla inn ved medan ein førebur eit stykke land for å dyrka mat. Ved kan også sankast frå falne greiner på bakken. Det finst fleire verktøy og metodar for å hausta ved, og innsamlinga kan gjerast som del av ei gruppe, ein familie eller individuelt.

I dei fleste stadene i verda er veden først berre førebudd for transport medan han vert hausta inn. Deretter flyttar ein veden nærmare den staden han skal brukast som brensel, før veden kan kløyvast og gjerast klar til tørking.

Kløyving av veden gjer at han tørkar raskare av di ein større del av overflata til trevyrket vert eksponert. I dag kløyver ein oftast veden med ein hydraulisk vedkløyvar, men ein kan òg nytta øks eller kile og slegge til kløyving.

Lagring endre

Ved kan lagrast på fleire måtar, frå enkle stablar til meir spesialiserte strukturar. Vanlegvis er føremålet med lagringa av veden å halda vatn unna slik at tørkeprosessen kan halda fram.

 
Kubbar kan leggjast vinkelrett på endane av vedstablar for auka stabilitet.

Stablar: Den enklaste typen stabel er når kubbane vert lagde på sidene og oppå kvarandre, medan dei dannar ei line i kubbebreidda. Høgda på stabelen kan variera, generelt avhengig av korleis endekantane er konstruerte. Dersom ein ikkje lagar endekantar på stabelen, er lengda på kubbane og lengda på stabelen avgjerande for kor høg ein kan få stabelen.

Det er usemje om veden vil tørke raskare når han vert dekt til. Det er ei avveging mellom at overflata til veden kan verta våt mot at så mykje sol og vind som mogeleg kjem til for å hjelpa til med tørkeprosessen. Stabelen kan dekkjast til med vasstette materiale for å hindra vatn å renna over veden, som presenning eller metallplater. Veden vil ikkje kunna tørka dersom han vert fullstendig isolert. Ideelt sett bør ein leggja pallar under stabelen for å redusera råte og gje betre luftsirkulasjon under veden.

Det finst fleire teknikkar for å byggja endane av ein vedstabel. Ein metode er å leggja nokre av dei ytste kubbane vinkelrett oppå kvarandre for å stabilisera enden av stabelen og hindra kubbane frå å trilla ut på sidene. Stenger i bakken kan òg nyttast til dette føremålet.

 
Rundt vedbyggverk ved Kuremäe kloster i Estland.

Under tak: Dersom veden vert stabla under tak treng ein ikkje uroa seg for nedbør og avrenning, men ein bør sørgja for god tilstrøyming av luft dersom veden vert lagra fuktig. Slik vert veden tørr på sikt og ein unngår kondens inne. Veden kan stablast avhengig av korleis ein ønskjer å ha han, anten han er kløyvd eller i runde kubbar, men helst på langs sidan dette gjev mest stabilitet.

Ved kan lagrast i eigne vedskjul eller i byggverk laga av stabla ved som kan vera rundt 3 meter høge.

Brennverdi endre

Vedfyring er den eldste måten for mennesket å generera varme til oppvarming av bustader og til matlaging. Varmeinnhaldet i trevyrket følgjer i stor grad densiteten til treet. Generelt har tre med høg tettleik, som bøk og eik, ei langsam forbrenning i trekolfasen. Ved med særleg høg tettleik må ofte brenna saman med ved med lågare tettleik for at ein skal få fullstendig forbrenning.

Alt trevyrke som er heilt tørt har ein effektiv brennverdi i området 18,5 til 19,0 MJ/kg. Fukta i veden reduserer den effektive brennverdien, som minkar med litt over 1 prosent ved ein auke i fuktinnhaldet på 1 prosent, men ikkje lineært.[3] Den effektive brennverdien for nokre få ulike treartar med ulike tretettleikar er vist i tabellen under, med ein indikasjon på brennverdien per fast kubikkmeter (m³f) ved eit fuktinnhald på 20 prosent, som skal vera typisk nivå ved vedfyring. Vedtettleiken har nemninga kilogram tørr ved per fast kubikkmeter. Av di ein i varmesamanheng gjerne samanliknar med varme frå elektrisk kraft, viser tabellen òg varmeverdiane i eininga kWh/m³f.

Vedtettleik og effektiv brennverdi (ved 20 % fuktinnhald) for nokre vanlege treslag
Vedslag Vedtettleik, kg/m³f Effektiv brennverdi, MJ/m³f Effektiv brennverdi, kWh/m³f
Bjørk 610 8 730 2 420
Bøk 680 9 730 2 700
Gran 430 6 150 1 710
Furu 490 7 010 1 950

Den effektive brennverdien svarar ikkje til varmen som kan utnyttast ved forbrenning. For å rekna ut varmen som er utnytta må ein òg vurdera verkningsgraden, som for mindre forbrenningsapparat oftast berre er 60–75 prosent, avhengig av utforminga. Ein kan dimed konkludera med at eit hus, som krev 20 000 kWh/år til oppvarming må fyra opp kring 10 kubikkmeter ved årleg i omnar eller andre einingar. Dette svarar til eit volum på inntil 20 m³ stabla ved.

Måleeiningar endre

Ved er som oftast seld i volum. Sjølv om ei spesifikk måleeining kan nyttast, kan det vera stor variasjon i kva ho tyder og kva måleeininga kan gje att som brensel. Eit mål på grønt, ubehandla trevyrke med 65 % fuktinnhald inneheld mindre anvendeleg energi samanlikna med ei tilsvarande mengd ved tørka ned til 20 %. Uavhengig av måleeininga, bør målet helst reknast som eit estimat.

I det metriske systemet sel ein ved i stère, som svarar til eit volum på 1 kubikkmeter. Dei vanlegaste lengdene på vedstykka er 33 cm og 50 cm. Ved kan òg seljast i kilogram eller tonn, som i Australia. I USA og Canada nyttar ein vanlegvis cord som vedmål.

I Noreg nyttar ein nemninga famn om oppstabla ved. For å laga 1 famn ved som er 4 meter lang, 1 meter høg og 60 cm brei, må ein ha 1,6 m³ fastkubikk råvyrke som ein kappar med motorsag eller kappsag, og deretter kløyver med øks eller elektrisk/hydraulisk vedkløyvar, og ferdig stabla famn vert då 2,4 m³. Fastmasseprosenten på stabla ved er kring 65 %.

1 famn kappa i 30 cm lengder og pakka i standard vedsekkar, gjev:

  • 53–55 fulle sekkar på 40 liter
  • 38–40 fulle sekkar på 60 liter
  • 30–32 fulle sekkar på 80 liter
  • 1 storsekk for europall (80x120cm) rommar 1 m³ laus ved.
  • 1 storsekk for Hydropall (105x130cm) rommar 1,5 m³ laus ved.

Ved i kulturen endre

 
Småpinnar som ved på eit bål nytta til eit hinduritual.

Ved kan ha ei viktig tyding i religionar og ritar som nyttar eld. Kva type tre ein nyttar og korleis ein sankar han kan vera viktig. Innan hinduismen er til dømes treslaget Prosopis cineraria tett knytt til eldguden Agni, og ved frå dette slaget vert rekna som rett type til å laga rituelle bål med.[4] Innan parsismen har ein føretrekt visse treslag som gjev lite røyk for den heilage elden sin, og inntil nyleg sandeltre, som gjev ein typisk god ange. Historisk var vedsanking eit viktig rituale der ein hausta inn nedfallsved, ikkje ved frå levande tre.[5] Innan kristendommen har ein nytta eit særskilt vedstykke som julekubbe i samband med julefeiring.

Sidan ved har vore så viktig og vanleg gjennom historia, finst det ei rekkje ulike tradisjonar knytte til ulike typar ved. Jacob Grimm rapporterte nokre tyske tradisjonar knytte til ved i Deutsche Mythologie (bd. 3, 1835). Ein skulle ikkje hogga ved når det var nymåne. Ein slik ved ville sløkka raskt, medan ved hogd i ne ville brenna betre.[6]

Det kunne vera ulike syn på kva type tre ein kunne og ikkje kunne brenna. I Storbritannia var det til dømes tabu å brenna svarthyll; det blei sagt at Djevelen viste seg om ein gjorde det.[7] Trua kan ha samanheng med at trevyrket lagar sprake- og kvinelydar når det brenn; dette kunne tolkast som at Djevelen blei splitta av elden.[8] Ein tradisjon frå Ozarkfjella i USA, rapportert på 1930-talet, sa at det var typisk å unngå ved som gav for høge sprakelydar, ettersom dette kunne vera eit varsel om dødsfall i familien.[9]

I nokre høve kan ved i seg sjølv vera rekna som ulukkesbringande. Til dømes er det eit dårleg teikn om ved er det første ein ser nyttårsmorgonen i visse indiske tradisjonar.[10] Etter srilankisk folketru, rapportert i 1885, skulle ein ikkje ta med ved til ei rismark.[11]

Ordet «ved» er brukt i fleire norske uttrykk. «Heil ved» kan visa til nokon som er solid, heilstøypt. «Å koma mellom borken og veden» kan nyttast når ein kjem i ei vanskelig stilling, særleg mellom to partar som er i strid. «Å bera ved til bålet» er når ein med sine ytringar eller handlingar ytterlegare hissar opp partar i ein konflikt.[12]

I Noreg vart boka Hel Ved: Alt om hogging, stabling og tørking – og vedfyringens sjel av Lars Mytting ein bestseljar i 2011–2012 og selde over 150 000 eksemplar. Boka er òg utgjeven internasjonalt og har totalt selt over 500 000 eksemplar.[13]

I februar 2013 sende den norske statskringkastaren ei 12 timar lang direktesending om temaet ved, der ein stor del av programmet viste ved som brann i ein peis.[14] Over ein million personar, om lag 20 % av folketalet i Noreg, såg delar av sendinga.[15]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. H D Thoreau, Walden (OUP 2008) side. 225
  2. Fuller, R J; Warren, M S. «Coppiced woodlands: their management for wildlife» (PDF). JNCC. JNCC. Arkivert frå originalen (PDF) 9. september 2011. Henta 3. januar 2022. 
  3. FAO: i4441e.pdf Wood Fuels Handbook[daud lenkje], 2015
  4. Gupta, Shakti M. (1971), Plant Myths and Traditions in India (på engelsk), Brill Archive, henta 20. januar 2022 
  5. «Fire & Light in Zoroastrianism. Kinds of Fire. Energy of Creation», www.heritageinstitute.com, henta 20. januar 2022 
  6. «Superstitions from Europe», sites.pitt.edu, henta 8. januar 2022 
  7. Trust, Woodland, «Elder (Sambucus nigra) – British Trees», Woodland Trust (på engelsk), henta 9. januar 2022 
  8. «Elder tree facts and information», Trees for Life (på engelsk), henta 9. januar 2022 
  9. Randolph, Vance (1933). «Ozark Superstitions». The Journal of American Folklore 46 (179): 1–21. ISSN 0021-8715. doi:10.2307/535847. 
  10. Edgar Thurston (1912). «Omens and Superstitions of Southern India». London: Adelphi Terrace: T. Fisher Unwin. 
  11. Le Mesurier, C. J. R. (1885). «Customs and Superstitions Connected with the Cultivation of Rice in the Southern Province of Ceylon». Journal of the Royal Asiatic Society of Great Britain and Ireland 17 (3): 366–372. ISSN 0035-869X. 
  12. «ved». Det Norske Akademis ordbok. Henta 31. desember 2021. 
  13. «Lars Mytting har solgt en halv mill. vedbøker». Verdens Gang. 15. mai 2016. Henta 31. desember 2021. 
  14. «Glødende interesse for NRKs ved-tv». NRK. 17. februar 2013. Henta 31. desember 2021. 
  15. «Norsk ved-TV vekker oppsikt i USA». Adresseavisen. 20. februar 2013. Henta 31. desember 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ved