Vedisk tid viser til tidsrommet der ein dikta Vedaene, dei eldste heilage skriftene til indoariarane som levde i nordlege område av Sør-Asia. Denne perioden varte frå rundt 1500- til 500-talet f.Kr. Tidsrommet er viktig fordi ho etterlét seg dei eldste lesbare tekstane frå dette området, og fordi vedisk religion og samfunnsordning har hatt stor innverknad på den seinare hinduismen. Studie av vediske tekstar har òg vore viktige for utviklinga av teorien om indoeuropeiske språk.

Kart over Pakistan og Nord-India i sein vedisk tid.
Sørasiatisk historie

Mohenjo-daroJinnah og GandhiAkash-missil

Steinalder 70 000–3300 f.Kr.
Mehrgarhkulturen • 7000–3300 f.Kr.
Induskulturen 3300–1700 f.Kr.
Sein harappakultur 1700–1300 f.Kr.
Vedisk tid 1500–500 f.Kr.
Jernalder 1200–300 f.Kr.
Mahadjanapada • 700–300 f.Kr.
Magadhariket • 545–320 f.Kr.
Mauryariket • 321–184 f.Kr.
Mellomrika 230 f.Kr.–1279
Satavahanariket • 230 f.Kr.–199 e.Kr.
Kusjanriket • 60–240
Guptariket •280–550
Palariket • 750–1174
Tsjolariket • 848–1070
Muslimske rike 1206–1596
Delhi-sultanatet • 1206–1526
Dekkan-sultanat • 1490–1596
Hoysalariket 1040–1346
Kakatiyariket 1083–1323
Vidjayanagarariket 1336–1565
Marathariket 1674–1818
Mughalriket 1526–1707
Sikh-samveldet 1716–1849
Britisk India 1858–1947
Delinga 1947 og vidare

Bakgrunn endre

Folkeslag kalla ariarar byrja vandra og slå seg ned i nye område i Vest-Asia frå 1000-talet f.Kr. Ei gruppe frå dagens Iran kan ha vandra inn i Sapta Sindhu, området med Dei sju elvane, der dei slo seg ned og dikta mange av dei vediske hymnene. Elva Sarasvati, som no er tørka opp, blei sett på som ei gudinne, ektemake til skaparguden Brahma og opphavet til Vedaene. Tidlegare meinte somme forskarar at ariarane hadde fortrengd den tidlegare dravidisk og/eller Induskulturen i området, men denne ariske invasjonsteorien har ein i stor grad forkasta i dag.

Tidleg vedisk tid endre

I den tidlege perioden var vedarane husdyrnomadar som gradvis gjekk over til å bli bufaste jordbrukarar og husdyrhaldarar. Storfe var særs viktig for dei, noko ein kan sjå gjennom ordbruk som gotra ('ku-innhegning') for å visa til ei familiegruppe, eller gavishti ('ku-leiting') for å visa til krig.

Samfunnet var organisert i klanar eller stammar (vish) som samla seg for ulike hendingar, mellom anna ofringar, yajna, leidde av ein prest. Rituala skulle sikra rikdom og gje styrke til høvdingen.

Hymnene i dei fire Vedaene dreier seg mest om gudar og ritual, men skildrar også nokre truleg historiske hendingar. Mellom anna fortel Rigveda om ein krig mellom bharataklanen og ein konføderasjon av ti andre stammar ført saman av den avsette presten klanpresten Vishvamitra. Vedatekstane skildrar også krigar mot ukjende utanforståande.

Sein vedisk tid endre

Frå om lag 800 f.Kr. byrja dei ulike klanane slå seg saman til større samfunn. Det mektigaste av dei var Kuru-Pancala, danna av Kuru, Puru (med tidlegare Bharata) og ein konføderasjon av mindre kjende klanar. Kjerneområdet for dei vediske folka flytta seg austover, til Doab mellom øvre Ganges og Yamuna og regionen Kurukshetra.

Områda klanane herska over blei gradvis til rike, og klanidentiteten var ved 400-talet f.Kr. i stor grad erstatta av geografisk tilhøyrsle. Det blei innført enkel skattlegging, samlingar av heile klanar avtok og herskarane fekk rådgjevarar. Kongane fekk ei viktigare rituell rolle og stod bak utførlege seremoniar som abhisjeka, tidvis følgd av det symbolsk viktige hesteofferet asvamedha.

Samfunnet blei meir lagdelt, med prestar og herskarar på toppen. Dette blei etterkvart til det indiske kastesystemet, grovinndelt i dei fire kastene brahmin, ksjatria, vaisjya og sjudra, som alle hadde ulike roller i samfunnet. Eit hymne frå Rigveda skildrar korleis desse blei danna frå hovudet, armane, låra og føtene til skaparguden.

Frå sein vedisk tid dei tre siste Vedaene (Sama, Yajur og Atharva), som hovudsakleg inneheld hymner, ritualhandbøkene brahmana, dei filosofiske og metafysiske upanisjadane og aranyakaene. Forklarande sutratekstar er også knytt til denne tida.

Vidare utvikling endre

Bruk av jern gjorde det mogleg å vidareutvikla jordbruket og bygga byar. På Gangessletta utvikla fleire bysentrum seg, som senter for administrasjon og handverk. Fleire av dei vediske rika blei nokre av dei 16 store statane kalla Mahajanapada i buddhistiske tekstar. Statane blei seinare erstatta av det veldige Mauryariket.

Kjelder endre

  • «India», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2010