Vefsn Mållag vart stifta laurdag 14. oktober 1899 som Mosjøen og Vefsen Maallag.[1]

Laget er direkte innmeldt i Noregs Mållag.

Laget hadde 52 medlemmar i 2023.[2]

Forløpar endre

Det første sporet etter eit mållag i Vefsn finn vi i 1870, og laget blei truleg stifta sist i 1860-åra. Sentral i arbeidet den gongen var lensmannen C.M. Havig. Ein annan inspirator kan ha vore lærarskolestyraren Johannes Belsheim, han var ei tid i 1860-åra styrar av Vefsn seminarium i Mosjøen, og i 1864 heldt han 17. mai-talelandsmål i Vefsn. Styret i dette mållaget var lensmann C.M. Havig, gardbrukar Jakob Hansson, Bjørnålia, og gardbrukar Lars Benjaminsson, Eiterholmen.[3] Dette mållaget gjekk inn etter få år.

Lagsarbeid endre

Den første formannen var lærar og seinare stortingsmann Anton Mikal Bjørnaali. I 1906 var laget med å etablere Kaffistova i Mosjøen, ein etestad som mållaget i dag eig i lag med Hålogaland Ungdomslag. Mållaget var sentralt i arbeidet for å etablere ei bygdesamling i Vefsn, og laget har av den grunn ein medlem i styret for Vefsn Museum.

Gjennom vel hundre år har arbeidet for nynorsk mål i skole, kyrkje og samfunn vore sentrale arbeidsfelt. Meir generell folkeopplysing har i periodar vore like så viktig for laget.

I 1947 vedtok soknerådet etter opptak frå Vefsn og Mosjøen at det skulle vere 10 nynorske gudstenestar i Dolstad kyrkje.[4]

Vefsn mållag har i mange år arbeidd for at foreldre skulle velje nynorsk for ungane som starta på skolen.[5]

Lagsnamnet var Vefsn og Mosjøen mållag fram til kommunesamanslåinga i 1965. På årsmøtet 18. februar 1966 blei lagsnamnet endra til Vefsn mållag.[6]

I 1975 arrangerte Vefsn mållag landsmøte for Noregs Mållag.[7]

Vefsn og Mosjøen kvinnemållag endre

Laurdag 25. oktober 1902 blei Vefsn og Mosjøen Kvinnemållag skipa, og det teikna seg straks 12 medlemmar.[8] Det vekte åtgaum at ""Kulstadkjærringan" hadde skapt seg eit Maallag paa den Vis, at dei kom saman med eit Handarbeid, ein Bunding eller slik og las høgt or ei eller anna Maalbok." meldte Nordlands Folkeblad 6. mars 1903.[9] Men "En Kulstadsø-Kvinde" tillet seg likevel å opplyse til Nordlands Folkeblad 17. mars 1903 at «ingen "Kulstadkjærring" eller nogen Kvinde ved Kulstadsøen har startet noget Maallag som ovenfor nævnt, eller er Deltager i i et slikt lag.»[10]

Kinnemållaget heldt møta sine på folkehøgskolen[11], og 25. oktober 1903 heldt laget sin første årsfest her.[12]

I 1915 meldte laget at det som regel var møte ein gong i månaden.[13] I 1917 sette kvinnemållaget i gong eit kurs i norsk og engelsk.[14] Kvinnemållaget var enno i drift i 1924.[15]

Leiarar i Vefsn mållag endre

For åra 1899 - 1925 har det vore vanskeleg å finne ei fullstendig leiarrekke, men lista er oppdatert etter avisoppslag og årsmeldingar. Desse har vore leiarar i laget frå 1899:[16][17]

  1. Mikal Bjørnåli, 1899–1903, blei vald til første formann 14.oktober 1899.[18] Mikal Bjørnåli gjekk også under namnet Anton Mikal Jakobsen Bjørnaali[19] eller berre Anton Mikal Jakobsen.[20] Bjørnåli blei attvald i 1901[21] og 2. januar 1903.[22]
  2. Odin Benum, 1904–1905, blei vald i 1904 og attvald i januar 1905.[23]
  3. Kristian Audne, 1906–1911, blei vald på årsmøtet 11. mars 1906,[24] attvald 28. desember 1906[25] og attvald 18. februar 1911.[26]
  4. Jakob Sverdrup (folkehøgskolelærar),[27] 1912, blei vald til ny formann 2. mars 1912,[28] men han forlet Mosjøen i 1913.[29]
  5. 1913-1915: manglar namn for 1913, 1914[30] og 1915.
  6. Petter Benum, 1916–1919, blei vald 15. januar 1916, og attvald i 1918[31][32] og 1919[33]
  7. Odin Benum, 1920–1922, blei vald i 1920[34] og attvald 20. februar 1921[35] og i 1922.[36]
  8. Anders Svare, 1923–1924, blei vald i 1923 og attvald i 1924[37]
  9. Asgeir Øyen, 1925[38]
  10. Martin Langseth, 1926–1927, blei vald i 1926 og attvald i februar 1927.[39]
  11. Kristian Tustervatn, 1928[40]
  12. Ola Nergård, 1929[41]
  13. Oddbjørg Kulstad, 1930[42]
  14. Odin Benum, 1931–1936[43]
  15. Bjarne Spjelkavik, 1937[44]
  16. Reidar Svare, 1938
  17. Ola Nergård, 1939–1945
  18. Asbjørn Hundåla, 1946
  19. Anders Sausjord, 1947–1948
  20. Leiv Nes, 1949–1950
  21. Alf Hamnes, 1951–1952
  22. Ragnar Remmen, 1953–1954
  23. Kristian Halse, 1955
  24. Magnus Utgard, 1956
  25. Kåre Vikdal, 1957–1959
  26. Erling Lyftingsmo, 1960–1963
  27. Åse Floa Steinrud, 1964–1968[45]
  28. Rolf Nesje, 1969–1972[46]
  29. Åslaug Mjøs, 1973–1976[47]
  30. Elin Skintveit Larsen, 1976–1979
  31. Ingen leiar vald på årsmøtet 1979[48]
  32. Per Smørvik, 1980–1981
  33. Sigrun Nicolaisen, 1982–1983
  34. Alv Helge Skeie, 1984
  35. Per Sjåvik, 1985–1986
  36. Lyngve Nesje, 1987–1991
  37. Unn Herringbotn, 1992
  38. Magnar Stølen, 1993–1996?[49][50]
  39. Åse Floa Steinrud, 1997–1999[51][52][53]
  40. Kristian Halse 2000–2001[54][55]
  41. Magnus Utgard, 2002–2004[56][57]
  42. Knut Skorpen, 2005–2007[58][59][60]
  43. Magnar Stølen, 2008–2010[61][62]
  44. 2011-2012: manglar opplysningar
  45. Villy Nordmo, 2013–2021[63]
  46. Randi Einrem, 2021-
  47. Elsa Bjørlykke 2024-

Litteratur endre

Fotnotar endre

  1. Helgelands Tidende, tirsdag 17. oktober 1899
  2. Årsmelding Noregs Mållag 2022-2024, side 79
  3. Nordlands Folkeblad, mandag 3. mai 1915: Lars Holmen
  4. Norsk Tidend 25.9.1947
  5. Nordlands Avis, fredag 8. november 1974
  6. Nordlands Avis 25.2.1966
  7. Nordlands Avis, fredag 22. mars 1974
  8. Nordlands Folkeblad, fredag 31. oktober 1902
  9. Nordlands Folkeblad, fredag 6. mars 1903: Hamar-Brev (Sv.H.)
  10. Nordlands Folkeblad, tirsdag 17. mars 1903
  11. Nordlands Folkeblad, tirsdag 11. august 1903
  12. Nordlands Folkeblad, fredag 23. oktober 1903
  13. Decorah-posten, tirsdag 30. mars 1915
  14. https://www.nb.no/items/2f4d956053610116f3a9fdc54bc90526?page=3&searchText=kvinnemaallag
  15. Den 17de mai, torsdag 23. oktober 1924: 25-årshøgtida aat Vefsn folkehøgskule
  16. Ei viktig kjelde har vore Kjell Øksendal (1997) «Vefsn - målbastion i nord» i Far etter fedrane 1990. Utgitt av Vefsn Museum, 1989
  17. Helgeland Arbeiderblad, 20. oktober 1969 har i artikkelen «Formenn i Vefsn mållag opp gjennom åra» eit oversyn over formenn i åra 1927-1969
  18. Nordlands Folkeblad, tirsdag 17. oktober 1899: "Et Maallag for Vefsen og Mosjøen blev stiftet Lørdag...."
  19. Nordlands Folkeblad, torsdag 23. desember 1915 (slektsoversyn)
  20. Helgeland Arbeiderblad, 5. oktober 1949: «Frå Mållagets 50-årsfest»
  21. Nordland, mandag 18. februar 1901
  22. Nordlands Folkeblad, tirsdag 6. januar 1903: «Vefsen og Mosjøens Maallag holdt Aarsmøde Fredag....»
  23. Nordlands Folkeblad, torsdag 5. januar 1905
  24. Nordlands Folkeblad, mandag 12. mars 1906
  25. Nordlands Folkeblad, mandag 31. desember 1906
  26. Nordlands Folkeblad, torsdag 23. februar 1911
  27. [1]
  28. Nordlands Folkeblad, mandag 4. mars 1912
  29. Nordlands Folkeblad, torsdag 5. juni 1913: Folkeakademiet
  30. Sjå innkalling til årsmøtet 4. april 1914 i Nordlands Folkeblad, mandag 30. mars 1914
  31. "Årsmelding for 1918 for Vefsn og Mosjøen mållag" (NM-arkivet)
  32. Sjå referat frå årsmøtet 1918 i Nordlands Avis, onsdag 6. mars 1918
  33. Sjå referat frå årsmøtet 1919 i Nordlands Avis, mandag 27. januar 1919
  34. "Årsmelding for 1920 for Vefsn og Mosjøen mållag" (NM-arkivet)
  35. Nordlands Avis, mandag 28. februar 1921
  36. "Årsmelding for 1922 for Vefsn og Mosjøen mållag" (NM-arkivet) Sjå referat frå årsmøtet 1922 i Nordlands Avis, lørdag 4. februar 1922
  37. Sjå referat frå årsmøtet 1923 i Helgelands Blad, fredag 23. mars 1923
  38. Den 17de Mai, onsdag 4.mars 1925
  39. Sjå referat frå årsmøtet 1927 i Nordlands Avis, fredag 18. februar 1927
  40. "Årsmelding for 1927 for Vefsn og Mosjøen mållag", datert 29.3.1928 (NM-arkivet)
  41. Årsmelding for 1928 for Vefsn og Mosjøen mållag", datert 10.2.1929 (NM-arkivet). Sjå også referat frå årsmøtet 10.2.1929 i Nordlands Avis, 19.2.1929 nb.no
  42. Årsmelding for 1930 (eigentleg 1929) for Vefsn og Mosjøen mållag", datert 14.2.1930 (NM-arkivet). Sjå også referat frå årsmøtet 1930 i Nordlands Avis, fredag 14. februar 1930 [2]
  43. Sjå referat frå årsmøtet 1931 i "Nordlands Avis", 6.2.1931 nb.no, frå årsmøtet 1933 i d.s., 21.2.1933 nb.no, frå årsmøtet 1934 i d.s. 20.4.1934 [3], frå årsmøtet 1935 i d.s., 1.2.1935 nb-no
  44. Sjå referat frå årsmøtet 1937 i Helgeland Arbeiderblad, tirsdag 23. mars 1937 [4]
  45. Sjå referat frå årsmøtet 18.2.1966 i "Nordlands Avis", 25.2.1966, og referat frå årsmøtet 1968 i d.s., 1.3.1968
  46. Sjå Nordlands Avis 30.5.1969 [5] og Nordlands Avis 1.7.1971 [6] og Nordlands Avis 15.7.1972 [7]
  47. Sjå Nordlands avis 9.4.1974
  48. Helgeland Arbeiderblad, tirsdag 13. februar 1979: "Fem skal leie Vefsn mållag" [8]
  49. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 10. mars 1993: "Nytt frå Vefsn mållag" (årsmøte 17.02.93) [9]
  50. Helgeland Arbeiderblad, fredag 22. april 1994: "Nytt om nynorsk" (årsmøte 16.02.94) [10]
  51. Helgeland Arbeiderblad, mandag 24. mars 1997: "Godt år i mållaget" (årsmøte 17.03.97) [11]
  52. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 25. mars 1998: "Tusenlapp som gulrot" (årsmøte 23.03.98) [12]
  53. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 24. mars 1999: "Belønnet for å skrive nynorsk" (årsmøte 22.03.99) [13]
  54. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 22. mars 2000: «Får penger for å ha lært nynorsk» (årsmøte 20.03.2000): «Styret skal sjølv konstituere seg, inntil det skjer er mållaget utan formell leder.»
  55. Helgeland Arbeiderblad, fredag 2. juni 2000: «Flinke forfattarar» (prisutdeling ved leiaren i Vefsn mållag, Kristian Halse)
  56. Helgeland Arbeiderblad, mandag 6. mai 2002: "Språkmøte i mållaget": "Magnus Utgard vart vald som ny leiar i Vefsn mållag på årsmøtet nyleg, etter Kristian Halse." [14]
  57. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 26. mars 2003: "Pris til målungdom": "På årsmøtet vart Magnus Utgard attvald som leiar." [15]
  58. Helgelendingen, 15.juni 2005 (Knut Skorpen, leiar)
  59. Helgeland Arbeiderblad, fredag 10. november 2006: "Vel nynorsk i skolen" Av: Knut Skorpen, Vefsn mållag.
  60. Helgelendingen, 11. september 2007 (Knut Skorpen, leiar)
  61. Helgeland Arbeiderblad, måndag 28. april 2008: "Flinke skrivarar" Av: Magnar Stølen.
  62. Helgeland Arbeiderblad, fredag 12. mars 2010: "Attval i mållaget": " (…) Magnar Stølen attvald som styreleiar".
  63. Helgeland Arbeiderblad, tysdag 12. november 2013: "Inviterer til Aasen-kveld": " (…) leder i Vefsn mållag, Villy Nordmo".