65°43′35″N 13°12′57″E / 65.72639°N 13.21583°E / 65.72639; 13.21583

Vefsna
Vaapstenjeanoe
elv
Laksforsen i Vefsna
Land  Noreg
Nedslagsfelt 4 122 km²
Renn gjennom Mosjøen
Lengd 163 km
Kjelde Børgefjell
Munning Vefsnfjorden
Kart
Vefsna
65°50′43″N 13°10′57″E / 65.84527778°N 13.1825°E / 65.84527778; 13.1825
Wikimedia Commons: Vefsna

Vefsna (sørsamisk Vaapstenjeanoe) er ei elv i Nordland fylke. Elva kjem frå Simskardvatnet på 877 moh. og renn gjennom kommunane Hattfjelldal, Grane og Vefsn. Elva passerer Mosjøen før ho munnar ut i botnen av Vefsnfjorden. Elva er 163 kilometer lang og har eit nedslagsfelt på 4 122 km², der delar av nedslagsfeltet ligg i Sverige.

Historisk har Vefsna vore ei viktig lakseelv, men bestanden vart infisert av parasitten Gyrodactylus salaris på 1970-talet. På grunn av dette har talet på laks i elva gått kraftig ned, medan talet på hybridar mellom laks og sjøaure har auka. I 2011 og 2012 vart vassdraget behandla med rotenon med sikte på å utrydde gyrosmitten. Elva vart friskmeld i 2017,[1] og no er laksen tilbake i vassdraget.

Vefsna vart verna mot kraftutbygging i 2009.

Elvefaret endre

Frå Simskardvatnet (877 moh.) renn Simskardelva austover til Vestre Tiplingen (673 moh.), der Tiplingelva renn gjennom Austre Tiplingen (663 moh.), dreier mot nordaust og renn ned til Susendalen. Her renn den saman med Harvassbekken som kjem frå grensetraktene mot Sverige. Etter elvemøtet dreier elva, som no har namnet Susna, nordvestover, seinare nordover og opptar Unkerelva frå Unkervatnet (323 moh.), som har ein vesentleg del av nedbørfeltet sitt i Sverige. Etter samanløpet blir elva kalla Vefsna. Elva renn først vidare nordover, men dreier like sør for tettstaden Hattfjelldal mot sørvest.

Dei største tilløpa til Vefsna nedanfor Hattfjelldal er frå venstre: Storfiplingelva (se Fiplingdalen), Svenningdalselva frå Majavatnet og Eiteråga frå Måsskarvatnan i Grane, og frå høgre: Gluggvasselva frå Storhola (1141 moh.) lengst søraust i Vefsn kommune. Nedanfor munningen av Svenningdalselva i Vefsna ved Trofors har Vefsna relativt lite fall. Den største fossen her er Laksfors med fall på 16 meter.

Kjelder endre