Veien stavkyrkje

tidlegare stavkyrkje i Smøla

63°30′51″N 7°57′20″E / 63.51417°N 7.95556°E / 63.51417; 7.95556

Altarskåp frå Veien stavkyrkje, no i Kulturhistorisk museum
Foto: Håkan Lindberg

Veien stavkyrkje var ei stavkyrkjeVeiholmen i Smøla kommune i Møre og Romsdal, litt nordvest for Fastsmøla. Kyrkja stod ved Veien (gnr. 52), utan at ho synest å vere arkeologisk påvist.

«Wein [kircke]» er omtala i Reformatsen[1] i 1589. I 1661 vart kyrkja omtala som ei stavkyrkje utan tårn eller spir, men med eit kortilbygg i lafteverk.[2] Gravplassen for kyrkja var då ved Brattvær kyrkje. I 1720 vart det meld om behov for vøling, og tretti år seinare stod kyrkja til nedfalls.

Kyrkjestaden vart flytta til Hopen på Fastsmøla, der ny kyrkje vart inngivd i 1749. Kyrkja på Veiholmen vart riven rundt 1760 og inventaret overført til Hopen kyrkje.

Altarskåp endre

Bendix Bendixen vitja staden i 1870, oppdaga han eit gamalt altarskåp i Hopen kyrkje. Det hadde vore nytta i Veien-kyrkja, og ein trur at det er framstilt i Lübeck ca. 1520. Bendixen fekk sendt skåpet til Oldsaksamlinga, der det framleis er.[3] Altarskåpet er oppsiktsvekkjande ved at det i midtfeltet har ei kalvariegruppe med Olav den heilage i staden for Johannes, og Maria held jesusbarnet i armane. På innsida av fløydørene er måleri av Peter og Paulus. På utsida av fløydørene er måleri av Olav den heilage og den heilage Sunniva.

Fotnotar endre

  1. Trondhjems reformats 1589. Oslo domkapittels jordebok 1595 (Norsk historisk kjeldeskrift-institutt, 1983), s. 70.
  2. Brendalsmo, s. 153.
  3. Davidsen, s. 58ff.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre