Esa Veikko Antero Kankkonen (fødd 5. januar 1940) er ein finsk, tidlegare skihoppar frå Sotkamo. Han vart olympiameister i normalbakken under vinter-OL 1964 i Innsbruck og fekk sølv i storbakken. Både i 1964 og 1966 vann han den tysk-austerrikske hoppveka. Kankkonen vann hopprennet i Lahti fem gongar og i Holmenkollen ein gong.

Veikko Kankkonen


Statsborgarskap Finland
Fødd 5. januar 1940 (84 år)
Sotkamo
Idrett skihopping, golf
Tok del i

Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1960, Skihopping under Vinter-OL 1964 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1964 – Stor bakke

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Aktiv endre

Kankkonen slo gjennom i 1960 då han vann hopprennet i Lahti, to poeng framom landsmannen Niilo Halonen. Året etter gjentok han bragda, men delte då sigeren med Otto Leodolter frå Austerrike og Koba Tsakadze frå Sovjetunionen.

I 1962 deltok Kankkonen i sin fyrste internasjonale meisterskap. Under VM i Zakopane kom han på tiandeplass i storbakken. Seinare i same sesongen fekk han ein delt andreplass i Holmenkollrennet og ein tredjeplass i Lahti, verdsmeisteren Toralf Engan frå Noreg vann begge renna. I 1963-sesongen prøvde Kankkonen seg i Svenska skidspelen i Falun, og vart nummer to, enno ein gong bakom Engan.

OL-sesongen 1964 vart Kankkonens største, han opna med å vinne to av dei tre renna i den tysk-austerrikske hoppveka. Etter andreplass i det siste rennet vann han heile hoppveka framom Torbjørn Yggeseth frå Noreg. Gjennom resten av sesongen kjempa Kankkonen tett med to sterke komkurrentar, nordmennene Toralf Engan og Torgeir Brandtzæg. Under OL i Innsbruck sigra Kankkonen i normalbakken framom Engan og Brandtzæg, medan Engan sigra i storbakken Bergisel, med Kankkonen og Bandtzæg dei dei andre medaljeplassane. Etter olympiaden vann Kankkonen i Lahti eit tett oppgjer med Brandtzæg, før han i Homenkollen også vann knipe, då framom Engan.

Kankkonen vann den tysk-austerrikske hoppveka 1965/66, tre små poeng framom Dieter Neuendorf frå Aust-Tyskland. Han sigra i opningsrennet i Oberstdorf, og i avslutningsrennet i Bischofshofen. Året etter vart han nummer fire samanlagt i hoppveka, medan han i si siste hoppveke, 1967/68, stod på 13. plass då det heile var over.

Kankkonen siste større triumfar kom begge i Lahti, i 1967 gjekk han til topps føre Niilo Halonen, året etter sigra han framom nordmannen Lars Grini. Kankkonen vart nummer ti i normalbakken under vinter-OL 1968 i Grenoble. Han la opp ved sesongslutt i 1968.

Kankkonen vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1964.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre