Vektorprogrammet er ein norsk studentorganisasjon som arbeider for å auke motivasjonen og interessa for realfag i ungdomsskulen. Dette gjer dei ved å sende realfagstudentar frå universitetet ut til ungdomsskulane i nærområdet. Studentane skal synleggjere kor morosamt og nyttig realfag er ved å bidra som rettleiarar og assistentar i skuletimane.

Vektorprogrammet

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer998744814
Skipa9. oktober 2012
HovudkontorTrondheim
Nettstadhttps://vektorprogrammet.no/ Sjå dette på Wikidata

Historie endre

Studenten Gard Fostad Moe kom opp med ideen om Vektorprogrammet som ei oppgåve i emnet teknologi og leiing i 2010. Dette tok linjeforeininga Nabla vidare, og starta Nablas initiativ for hjelp i skolen. Prosjektet vart starta som eit pilotprosjekt på Blussuvoll ungdomsskule våren 2011. Til saman 24 studentar vart engasjerte som vektorassistentar til pilotprosjektet. Etter suksessen bestemte Arrkom i Nabla seg for å søke Forskningsrådet om midlar til vidareføringa av prosjektet, som då hadde fått namnet Vektorprogrammet. Søknaden vart avslått fordi linjeforeininga ikkje vart vurdert som eigna til å administrere eit slikt prosjekt. Hausten 2011 vart linjeforeiningane Spanskrøret og Timini inkluderte i prosjektet, der kvar av dei tre linjeforeiningane hadde sine eigne underavdelingar. Prosjektet gjekk parallelt i dei tre underavdelingane til og med våren 2012. Då vart det slått saman til eitt, stort prosjekt, og fleire linjeforeiningar vart inkluderte.
Hausten 2011 vart samarbeidspartnarar henta inn for å halde prosjektet i live økonomisk. Samarbeidspartnarane var nødvendige for at Vektorprogrammet skulle halde fram med å vere eit gratis tilbod til skulane, og for at vektorassistentane ikkje skulle ha utgifter ved deltaking. I starten var Schibsted og Fokus Bank viktige samarbeidspartnarar, samt RENATEsenteret (Nasjonalt senter for realfagrekruttering) som har vore den viktigaste bidragsytaren heilt frå byrjinga. <br\>

Tal på deltakande skular endre

Prosjektet starta i Trondheim hausten 2010. Hausten 2013 ble prosjektet utvida til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet i Ås. Vidare blei programmet utvida til Universitet i Oslo, våren 2015 og til Universitetet i Bergen hausten det same året. Her er ei oversikt over talet på deltakande skular i dei ulike regionane:

Semester Trondheim Ås Oslo Bergen
Våren 2011 1
Hausten 2011 6
Våren 2012 3
Hausten 2012 7
Våren 2013 10
Hausten 2013 15 1
Våren 2014 15 1
Hausten 2014 2
Våren 2015 15 1 3
Hausten 2015 13 3 2 2
Våren 2016 10 3 1 2
Hausten 2016 11 2 2 2
Våren 2017 11 2 2 3
Hausten 2017 11 1 3 3
Våren 2018 13 2 3 2
Hausten 2018 12 1 1 2

Målsetting endre

Vektorprogrammet har som mål å:

  • Motivere og inspirere til realfag.
  • Motivere studentar til læraryrket.
  • Motivere studentar til vidare realfagstudiar.

Vektorprogrammet gir altså ikkje berre utbytte for elevane som får ekstra assistanse i skulekvardagen, men også for dei studentane som arbeider som vektorassistentar. Desse blir motiverte til å halde fram med realfagstudiane sine, og til å utforske læraryrket.

Hovudstyret endre

Hovudstyret i Vektorprogrammet består per august 2020 av:

  • Leiar: Sindre Smedstad
  • Nestleiar: Eivind Kopperud
  • Leiar ekspansjon: Yann Kieffer
  • Leiar profilering: David Ramsvik
  • Leiar økonomi: Jan Haakon Trabski Melka
  • Leiar IT: Sivert Lundli

Team i Vektorprogrammet endre

Evalueringsteamet endre

Arbeider med å evaluere drifta av Vektorprogrammet. Arbeidsoppgåvene til teamet består i hovudsak av å gjennomføre undersøkingar med elevar, studentar og lærarar, samt å skrive prosjektrapportar.

Profileringsteamet endre

Arbeider med å profilere Vektorprogrammet i ulike media, som TV, radio, aviser osb.

Rekrutteringsteamet endre

Arbeider med å rekruttere nok studentar til å sende ut vektorassistentar til skulane Vektorprogrammet femnar om. Studentane vert rekrutterte for eitt og eitt semester. Rekrutteringsteamet har også ansvar for å arrangere faglege og sosiale arrangement for studentane.

Skulekoordineringsteamet endre

Heldt kontakt med skulane og rekrutterer nye skular til prosjektet. Teamet set også opp ei plan for når kvar vektorassistent skal arbeide ved kvar skule, etter studenten sine ynskje.

Sponsorteamet endre

Arbeider med å skaffe midlar slik at prosjektet kan gjennomførast.

Økonomiteamet endre

Har ansvar for å føre rekneskap, setje opp budsjett og syte for transport for vektorassistentane.

Eksportteamet endre

Arbeider med å eksportere prosjektet til nye regionar. Målet er å dekke nedslagsfelta til alle universiteta i Noreg. Arbeider for tida med å utvide prosjektet til Oslo innan 2015.

Studiemotiverande tiltak endre

Vektorprogrammet sitt rekrutteringsteam arrangerer faglege og sosiale arrangement for studentane ved universitetet. Døme på tiltak er:

  • Populærvitskaplege foredrag med t.d. Jo Røislien, Andreas Wahl, Knut Jørgen Røed Ødegaard og James Grime.
  • Workshops, som t.d. matematisk juleverkstad, om vidareutvikling av Vektorprogrammet og loddekurs.
  • Løyver midlar til linjeforeningsaviser.
  • Tavleskrivekurs.
  • Eksamensforelesningar.
  • Spelkveldar.
  • Pizzasamlingar.
  • Julegraut.
  • Hytteturar.
  • Kino.

Bakgrunnsstoff endre

Vektorprogrammet i media