Velkomst
Velkome eller velkomst er ei helsing og/eller handling ein bruker for å møta nokon som kjem til ein stad for fyrste gong eller etter ei tids fråvære.
Ein bruker ofte ordet «velkomen» eller «velkommen» (frå norrønt velkominn) som helsingsord for å ønska nokon velkommen.[1] Ved ein høgtideleg velkomst kan ein også halda tale og liknande.
Det finst mange ulike rituale til å ønska nokon velkomen. Ein kan til dømes handhelsa, gjerne på ei velkomstrekke, tilby mat, drikke eller ei symbolsk gåve, som brød og salt, eller utføra visse fastlagde handlingar, som i maoriseremonien pōwhiri.
I samband med velkomstar kan ein pynta med til dømes blomar, ballongar, tekst eller portalar. Ein kan også setja opp meir permanente strukturar, som skilt, byggverk eller minnesmerke. Triumfbogen Gateway of India i Mumbai blei til dømes reist til minne om velkomsten av kongekeisaren Georg V og dronning Mary til Britisk India i 1911. Ein dansk genforeningssten i Kolding kommune er sett opp på staden der folk frå Nord-Slesvig (Sønderjylland) ønska danskekongen Kristian X velkomen etter at området blei del av Danmark att i 1920.
Velkomstskilt er vanlege ved ulike grenser, som kan ønska velkomen i tillegg til å fortelja kva område ein er på veg inn i. Desse kan vera vegskilt og kan gje vitjande litt informasjon om området.[2] Einskilde bygningar eller anlegg kan også ha velkomstskilt.[3] Dørmatter kan fungera som slike skilt ved å ha ei velkomstmelding på seg.
Velkomstsenter er bygningar laga for vitjande, som til dømes kan tilby informasjon om området, servicefasilitetar og servering.[4]
Galleri endre
-
Fridtjof Nansen sin Fram-ekspedisjon blir ønska velkomen tilbake ved Honörbryggen i Pipervika i 1896.
-
Kong Harald blir ønska velkommen av ei velkomstrekkje ved Kyrkjemøtet.
-
Velkomstportal og gruppe ved opnina av den nye moskeen Ayasofya Moské i Roskilde i 2018.
-
Ordføraren i Roskilde blir ønska velkomen til opninga av den nye moskeen.
-
Asmund Kristoffersen blir ønska velkomen med brød og salt i Kviterussland.
-
Pōwhiri-seremonien for den nye ambassadøren frå Timor-Leste til New Zealand.
-
Velkomstskilt ved delstatsgrensa til Virginia.
-
Ballong med Welcome back på.
-
Minnestein for staden der innbyggjarar frå Nord-Slesvig ønska danskekongen velkomen ved gjenforeininga i 1920.
-
Gateway of India i Mumbai, bygd på staden der kong Georg og dronning Mary blei ønska velkomen i 1911.
Kjelder endre
- ↑ «velkommen» i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
- ↑ «Discussion Documents - Class 4F - Gateway Signs» (PDF). South African Manual for Outdoor Advertising. South African Dept. of Environmental Affairs and Tourism. Arkivert frå originalen (PDF) 16. juli 2011. Henta 13. april 2009.
- ↑ Sarah Isabel Raube, Gateways: Site and Structure (2001), s. 46.
- ↑ «Folgefonna Velkomstsenter», Hardanger (på norsk bokmål), henta 20. juni 2021