Velociraptor
Systematikk
Rekkje: Maniraptoriformes
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Saurischia
Parvorden: Coelurosauria
Familie: Dromaeosauridae
Underfamilie: Velociraptorinae
Slekt: Velociraptor
Osborn, 1924

Velociraptor var ei slekt små kjøt-etande dinosaurar som levde frå mellom 83 til 70 millionar år sidan, i slutten av krittida. Fossilar av slekta har til no berre vorte funne i Mongolia, men både i dei indre og dei ytre delane.

Dinosauren er i dag kanskje mest kjend for si framtredande rolle i filmen Jurassic Park.

Skildring endre

Velociraptor var ein tobeint rov-dinosaur med lang, stiv hale og store sigdforma klør på bakbeina. Han var ein liten art innanfor sin familie; vaksne eksemplar som er funne måler 1,8 m frå snute til haletipp og er rekna til å ha hatt hovudet sitt 60 cm over bakken. Vekta er rekna til 20 kg.

Det viktigaste kjenneteiknet Velociraptor har som skil han frå andre medlemmar av same familie, er det avlange, flate hovudet. Dette kunne bli 25 cm langt, og hadde ei snute som peikte oppover.

Som andre dromaeosaurar hadde Velociraptor ei stor hand med tre sterkt kurva fingrar. Dette er eit trekk som liknar på vengjebeina i dagens fuglar, som forskarane trur stammar frå nett denne familien. Dinosauren var ein tågjengar, som gjekk på tredje og fjerde tå.

Det er funne fjørkledde eksemplar av fleire tidlegare artar i same dinosaurfamilie, noko som har ført til at mange forskarar trur Velociraptor hadde fjør. Nokre systematikarar har til og med plassert han i same biologiske familie som urfuglen Archaeopteryx; det vil seie at dei klassifiserer han som ein vengjelaus fugl. På bakgrunn av dette meiner dei fleste dinosaurforskarar at han òg var varmblodig.

Paleobiologi endre

 
Dette fossilet er ein Velociraptor i kamp med ein Protoceratops. På bakgrunn av dette veit me at Velociraptor var ein jeger som drap sitt eige bytte.

Velociraptor er ein av få dinosaurar me har heilt sikre biologiske opplysningar om. I 1971 vart det funne eit fossil som synte ein Velociraptor i kamp med ein Protoceratops; ei lita nashornøgle utan horn. Fossilet er eit lukketreff av dei sjeldne i paleontologisk historie - dyra har vorte gravlagd i sand medan dei slost, så fort at rørslene deira vart fanga i sjølve fossilet. I dette glimtet frå fortida ser me at Velociraptor nytta den store kloa på andre tå til å skjera over strupen på byttet sitt.

I boka og filmen Jurassic Park vert Velociraptor framstilt som eit jaktande flokkdyr, på linje med m.a. ulv og løve i dag. Det finst derimot ingen fossil som støtter denne hypotesen.