Vendsyssel-Thy eller Nørrejyske Ø er den nest største øya i Danmark, og er den delen av Jylland som ligg nord for Limfjorden. Ho består av Vendsyssel, Hanherrederne og Thy. Området var delt mellom Nordjyllands Amt (Vendsyssel, det meste av Hanherrederne), Viborg Amt (vestlegaste del av Vester Hanherred, Thy) og Ringkjøbing Amt (Thyholm), men frå 2007 vart ho ein del av Region Nordjylland.

Vendsyssel-Thy
Lokalt namn Nørrejyske Ø
Geografi
Stad Nordlege delen av Jylland.
Koordinatar 57°17′N 10°02′E

Areal 4 686 km²

Administrasjon
Land Danmark
Region Region Nordjylland

Demografi
Folketal 306 373 (2003)
Folketettleik 65 /km²

Ho har eit areal på 4 686 km². Og i 2003 budde det 306 373 innbyggjarar her. På øya ligg mellom anna Hanstholm, Hirtshals og Frederikshavn, som danskebåtane frå Noreg går til. Nørresundby er den nordlege delen av Aalborg, som stort sett ligg sør for Limfjorden.

Etter å ha vore landfast med resten av Jylland sidan om lag 1100 vart området ei øy igjen den 3. februar 1825, då ei stormflo braudt gjennom Agger Tange og skapte Aggerkanal. Sand la seg derimot i Aggerkanal, og han vart heilt lukka igjen i 1877, men før den tid hadde Thyborøn Kanal vorte danna lenger sør i samband med ei stormflo i 1862.

Kjelder endre