Vera Nikolić[a] (23. september 194828. juni 2021) var ein serbisk mellomdistansløpar som vart europameister for Jugoslavia på 800 m både i 1966 og 1971.

Vera Nikolić


Statsborgarskap Jugoslavia, Serbia og Montenegro, Serbia
Fødd 23. september 1948
Grabovica, Despotovac
Død

28. juni 2021 (72 år)
Beograd

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972

Aktiv endre

Knapt 18 år gammal vann Nikolić 800 meter under EM i friidrett 1966 i Budapest på tida 2.02,8. Ho var då den yngste europameisteren i friidrett nokon gong, fyrst 20 år seinare vart denne prestasjonen kopiert av ein yngre utøvar. Den 20. juli 1968 sette Nikolić verdsrekord på 800 m i London då ho vart klokka inn på tida 2.00,5. Rekorden stod i tre år, til dess vesttyske Hildegard Falck vart den fyrste kvinna under to minuttar på 800 m.

I europameisterskapen 1969 i Aten fekk Nikolić bronsemedaljen, slått på målstreken av sølvvinnaren Anneliese Damm Olsen frå Danmark, medan Lillian Board frå Storbritannia vann ein klar siger. Derimot lukkast ho å ta eit nytt EM-gull under friidretts-EM 1971 i Helsingfors, i suveren majestet sprang ho i mål på tida 2.00,0. Seinare i 1971-sesongen vann ho både 800 m og 1500 m under Mellomhavsleikane i Izmir.

Under dei olympiske leikane i München i 1972 kom Nikolić på femteplass på 800 meter med tida 1.59,98.

Merknadar endre

  1. Serbisk-kyrillisk Вера Николић

Kjelder endre