Verdas høgaste bygningar

Wikimedia-listeartikkel

Verdas høgaste bygningar er ofte kalla skyskraparar. Denne lista er laga på grunnlag av ei måling av avstanden mellom bakkenivå og «høgaste arkitektoniske element». Dette inneber at spir, statuar eller andre element integrerte i arkitekturen vert rekna som teljande for bygget si totalhøgde. Derimot vert antenner, flaggstong eller andre delar som ikkje er integrerte i den arkitektoniske strukturen utelatne. Takhøgda i bygget er berre relevant der ingen andre integrerte arkitektoniske element finst.

Ei samanlikning av Burj Khalifa, Willis Tower, Taipei 101, Petronas Towers og Empire State Building.
Verdas høgaste skyskrapar, Burj Khalifa, i Dubai.

Som eit resultat av denne måten å måle på vert til dømes Petronas Towers i Malaysia definert som høgare enn Willis Tower i Chicago, trass i at Willis Tower er høgare målt etter både takhøgde og høgaste totalpunkt. Petronas-tårna er toppa med spir som når opp til 452 meter, medan Willis Tower, som har ei totalhøgde med antennene på 527 meter, etter denne målestandarden vert 442 meter høgt.

Bilete under viser nokre av dei høgaste bygningane i verda (over 400 meter). Dei høgaste bygningane i verda (over 400m)

Verdas 25 høgaste bygningar endre

Nr. Bygning By Land Høgd Etasjar Byggeår
1 Burj Khalifa
(opphavleg Burj Dubai)
Dubai   Dei sameinte arabiske emirata 828 m 163 2010
2 Shanghai Tower Shanghai   Kina 623 121 m 2013 (ferdig 2015)
3 Abraj Al Bait (Mecca Royal Clock Tower Hotel) Mekka   Saudi-Arabia 601 m 95 m 2012
4 One World Trade Center New York by   USA 541,3 m 104 2014
5 CTF Finance Centre Guangzhou   Kina 530 m 111 2014 (ferdig 2016)
6 Taipei 101 Taipei   Taiwan 508 m 101 2004
7 Shanghai World Financial Center Shanghai   Kina 492 m 101 2008
8 International Commerce Centre Hongkong   Hongkong 484 m 108 2010
9-10 Petronas Towers Kuala Lumpur   Malaysia 452 m 88 1998
11 Zifeng Tower Nanjing   Kina 450 m 89 2010
12 Willis Tower
(tidlegare Sears Tower)
Chicago   USA 442 m 108 1974
13 Kingkey 100 Shenzhen   Kina 441 m 100 2011
14 Guangzhou International Finance Center Guangzhou   Kina 438 m 103 2010
15 432 Park Avenue New York by   USA 426 m 85 2014 (ferdig 2015)
16 Trump International Hotel & Tower Chicago   USA 423 m 98 2009
17 Jin Mao Tower Shanghai   Kina 421 m 88 1998
18 Princess Tower Dubai   Dei sameinte arabiske emirata 414 m 101 2012
19 Al Hamra Tower Kuwait by   Kuwait 413 m 77 2011
20 2 International Finance Centre Hongkong   Hongkong 412 m 86 2003
21 23 Marina Dubai   Dei sameinte arabiske emirata 395 m 90 2011
22 CITIC Plaza Guangzhou   Kina 391 m 80 1997
23 Shun Hing Square Shenzhen   Kina 384 m 69 1996
24 World Trade Center Abu Dhabi - The Residences Abu Dhabi   Dei sameinte arabiske emirata 381 m 88 2014
25 Empire State Building New York   USA 381 m 102 1931
26 Elite Residence Dubai   Dei sameinte arabiske emirata 380 m 91 2012

Verdas høgaste bygningar historisk sett endre

 
Verdas høgaste bygning frå 1908 til 1974.
1908-1909   Singer Building, 187 m New York by   USA
1909-1913   Metropolitan Life Insurance Company Tower, 213 m New York by   USA
1913-1930   Woolworth Building, 241 m New York by   USA
1930   40 Wall Street, 283 meter (Bank of Manhattan Trust building, Manhattan Company Building) New York by   USA
1930-1931   Chrysler Building, 320 m Chicago   USA
1931-1972   Empire State Building, 381 m New York by   USA
1972-1974   Tvillingtårna ved Verdshandelssenteret i New York, 526 m New York by   USA
1974-1998   Willis Tower, 442 m (opphavleg Sears Tower) Chicago   USA
1998-2004   Petronas Towers, 452 m Kuala Lumpur   Malaysia
2004-2010   Taipei 101, 508 m Taipei   Taiwan
2010- Burj Khalifa, 828 m Dubai   Dei sameinte arabiske emirata

Høgaste bygning i kvar verdsdel endre

Verdsdel Bygning Høgd Etasjar Fullført Land By
Asia Burj Khalifa 828 m 160 2010   Dei sameinte arabiske emirata Dubai
Nord-Amerika One World Trade Center 541,32 m 104 2014   USA New York by
Europa Mercury City Tower[1] 339 m 75 2012   Russland Moskva
Oseania Q1 323 m 78 2005   Australia Gold Coast
Sør-Amerika Gran Torre Santiago 300 m 64 2012   Chile Santiago
Afrika Carlton Centre 223 m 50 1973   Sør-Afrika Johannesburg
Antarktis Long Duration Balloon (LDB) Payload Preparation Buildings[2] - - 2005[3]   Antarktis McMurdo Station

Kjelder endre

  1. Ilya Khrennikov, 'Moscow Mercury City Tops Shard as Europe’s Tallest Tower', Bloomberg, 1 November 2012.
  2. "McMurdo Station - Antarctica", StratoCat. Retrieved 26 April 2014.
  3. Jones, W. Vernon. «Report on the Balloon Program» Arkivert 2014-04-26 ved Wayback Machine. (PDF), NASA Astrophysics Subcommittee Meeting. 16 April 2013.


Bakgrunnsstoff endre