Verdas meteorologiorganisasjon

særorganisasjon i Dei sameinte nasjonane

Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) er ein mellomstatleg organisasjon med 193 medlemsland. Han har sitt opphav i Den internasjonale meteorologiorganisasjonen (IMO), som vart grunnlagd i 1873, og Noreg har vore medlem heilt sidan den gong.

Verdas meteorologiorganisasjon

Skipa23. mars 1950
HovudkontorGenève
LeiarAbdulla Al Mandous
Nettstadhttps://public.wmo.int/fr Sjå dette på Wikidata
Flagget til WMO.

Historie endre

WMO vart grunnlagd i 1950, og vart ein organisasjon under Sameinte Nasjonar for meteorologi (vêr og klima, operasjonell hydrologi og tilknytte geovitskapar). Hovudsete er i Geneve i Sveits, og den noverande administrande direktør er David Grimes, medan Michel Jarraud er generalsekretær.

Føremål endre

Måla til organisasjonen er:

  • Å gjere det verdsomspennande samarbeidet enklare ved å etablere nettverk av observasjonsstasjonar, i tillegg til hydrologiske og andre geofysiske observasjonar knytte til meteorologi.
  • Å gjere det enklare og etablere og vedlikehalde system slik at ein raskt kan utveksle meteorologisk og tilknytt informasjon.
  • Å standardisere meteorologiske og tilknytte observasjonar, og sikre einsarta publisering av observasjonar og statistikk.
  • Å føre bruken av meteorologi vidare i luftfart, skipsfart, vassproblem, jordbruk og andre menneskelege aktivitetar.
  • Å føre aktivitar i operasjonell hydrologi vidare, og føre samarbeidet mellom meteorologiske og hydrologiske tenester nærare.
  • Å oppfordre til forsking og utdanning i meteorologi, og andre tilknytte felt, og assistere i å koordinere dei internasjonale aspekta av slik forsking og utdanning.

Medlemslanda av WMO har møter annakvart år der ein diskuterer handlingar og gjer eventuelle endringar for å nå dei aktuelle måla nemnd over. Det siste møtet var i Geneve i Sveits.

WMO var med på å starte Den mellomstatlege juryen for klimaendringar (Intergovermental Panel on Climate Change) (IPCC) og Global Atmosphere Watch (GAW)

Verdas meteorologidag endre

  • Verdas meteorologidag er 23. mars kvart år.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Verdas meteorologiorganisasjon