Vereide kyrkje

kyrkje i Gloppen kommune

Vereide kyrkje står på Vereide i Gloppen kommune i Vestland, og er ei steinkyrkje med historie attende til mellomalderen.

Vereide kyrkje
kyrkje
Foto: Chell Hill
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gloppen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Vereide
Fellesråd Gloppen
Stad Vereide
Type Langkyrkje
Tårn Bygd 1879[1]
Kor Bygd 1931.
Døypefont Frå mellomalderen
Altartavle Katekismetavle frå 1604
Kart
Vereide kyrkje
61°48′28″N 6°08′29″E / 61.8078°N 6.1413°E / 61.8078; 6.1413
Wikimedia Commons: Vereide kirke
Interiøret
Foto: kirkenorge.no
Ein keltisk kross som står på kyrkjegarden vert rekna for å vere like gamal som den opphavlege kyrkja på denne staden.

Kyrkja har vorte mykje endra opp gjennom åra, og lenge meinte ein at ho var bygd i 1631 av stein frå ei eldre kyrkje som skulle ha stått lenger oppe frå fjorden. No meiner ein at kyrkja har stått der ho står sidan mellomalderen, og at skipet kan vere bygd på 1100-talet, men at kyrkja vart restaurert i 1631. Tårnet på kyrkja er frå 1879 og koret er frå 1931.

Kjelder endre

  • Gundersen, Olav Sigurd. «Vereide kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 24. juni 2021. 

Fotnotar endre

  1. Gundersen, Olav Sigurd. «Vereide kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 24. juni 2021. 

Bakgrunnsstoff endre