Verres

romersk politikar

Gaius Verres (cirka 115 f.Kr.-43 f.Kr.)[1] var ein romersk embetsmann som vart illgjeten for økonomisk utsuging av folkesetnaden på Sicilia då han var guvernør på øya i 73-71 f.Kr. Han gjekk i eksil for å unngå det klagemålet som vart reist av Cicero på vegner av ibuarane på øya. I ettertid publiserte Cicero, som ikkje ønskte at materialet han hadde samla inn skulle gå til spille, dei fire talene mot Verres.[2] Cicero vann ry som aktor i saka, og talene gjev eit levande, men naturleg nok sterkt farga bilete av tilhøva i Romarriket på denne tida.[3] Talene er delvis omsett til norsk av Samson Eitrem i Kunstsamleren på Sicilien (1929).

Kjelder endre

  1. «Gaius Verres». Encyclopædia Britannica. 2018. Henta 1. juli 2019. 
  2. Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Kunnskapsforl. 1981. s. 407. ISBN 8257300365. 
  3. «Verres» i Salmonsens konversationsleksikon. (Andre utgåve) XXIV: Tyskland—Vertere. (1928). København: J. H. Schultz Forlagsboghandel. Henta 24. juni 2019.