Vest-Europa er hovudsakleg eit samfunnspolitisk omgrep skapt under den kalde krigen, då grensene til regionen stort sett vart definert. Grensene vart effektivt sett under dei siste fasane av den andre verdskrigen og kom til å gjelde alle europeiske land som ikkje kom under sovjetisk kontroll og påverknad. Nøytrale land vart klassifiserte ut frå deira politiske regime.

Den vanlege oppfatninga og bruken av Vest-Europa var, og i mindre grad framleis er, land som er kulturelt, politisk og økonomisk skild frå Aust-Europa, og grensene har lite å gjere med geografi. Kulturelle og religiøse grenser mellom dei to regionane overlappar kvarandre derimot mykje og særleg har desse grensene svinga fram og tilbake gjennom historia. Dette gjer det vanskeleg å danne ei nøyaktig forståing av omgrepet.

Omgrepet er ofte assosiert med, men ikkje klart avgrensa til, liberalt demokrati, kapitalisme og Den europeiske unionen. Dei fleste landa i regionen deler vestleg kultur og mange har økonomiske, historiske og politiske band til land i Nord- og Sør-Amerika og Oseania (sjå òg Vesten).

SN sin geografiske definisjon endre

 
Statistiske regionar i Europa ut frå Dei sameinte nasjonane sin definisjon (Vest-Europa er markert med lyseblått): ██ Nord-Europa ██ Vest-Europa ██ Aust-Europa ██ Sør-Europa

Hos Dei sameinte nasjonane er Vest-Europa ein mindre kjend geografisk region i Europa som er ein meir avgrensa enn berre tradisjonelle politiske og kulturelle vurderingar.[1], Denne inndelinga av Vest-Europa består av ni land:

Antikken og mellomalderen endre

Den tidlegaste skilnaden mellom aust og vest i Europa har sitt opphav i historia til Den romerske republikken. Då romarane utvida territoriet sitt oppstod det eit kulturelt og språkleg skilje mellom dei hovudsakleg gresktalande austlege provinsane, som hadde danna den greske sivilisasjonen, og dei vestlege områda, som i stor grad nytta det latinsk språket. Dette kulturelle og språklege skiljet vart seinare forsterka av den seinare politiske delinga av Romarriket i ein austleg og ein vestleg del.

Dette skiljet vart forsterka i seinantikken og mellomalderen ved fleire hendingar. Vestromarriket kollapsa i byrjinga av tidleg mellomalder. I motsetnad klarte Austromarriket eller Det bysantinske riket å overleve, og til og med bløme, dei neste tusen åra. Danninga av Frankarriket i vest, og særleg Det store skisma i 1054 som formelt delte austleg og vestleg kristendom, forsterka dei kulturelle og religiøse skilnadane mellom Aust- og Vest-Europa.

Då det muslimske Osmanske riket erobra Austromarriket, senteret for den ortodokse kyrkja, på 1400-talet, og Det tysk-romerske riket (som hadde erstatta Frankarriket) gradvis vart oppdelt, vart ikkje kampen mellom den romersk-katolske/protestantiske kyrkja og den ortodokse kyrkja i Europa like viktig lenger.

Historiske hendingar som renessansen, reformasjonen av Martin Luther og motreformasjonen av Den katolske kyrkja, opplysingstida, den franske revolusjonen og den industrielle revolusjonen vert rekna som viktig hendingar som forma vesteuropeisk kultur og identitet. Under oppdagingstida koloniserte dei fleste vesteuropeiske land Afrika, Asia, Sør- og Nord-Amerika. Alle desse historiske hendingane og den kulturelle utviklinga har påverka kva ein ligg i omgrepet Vest-Europa.

 
Grensene til Vest-Europa vart stort sett definert av den kalde krigen. Jernteppet delte dei europeiske medlemslanda i NATO (i blått) frå medlemsland i Warszawapakta (i raudt). Nøytrale land vart klassifisert ut frå det politiske systemet deira.

Den kalde krigen deler Europa i ei Vestblokk og ei Austblokk endre

Under dei siste fasane av den andre verdskrigen vart framtida til Europa avgjort mellom dei allierte, ved den britiske statsministeren Winston Churchill, den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt og den sovjetiske presidenten Josef StalinJaltakonferansen i 1945

Etterkrigs-Europa vart delt inn i to store område: Vesten, hovudsakleg påverka av USA og Austblokka, dominert av Sovjetunionen. Ved byrjinga av den kalde krigen vart Europa delt ved Jernteppet.

Dette uttrykket hadde vorte brukt under den andre verdskrigen av den tyske propagandaministeren Joseph Goebbels og seinare av grev Lutz Schwerin von Krosigk dei siste dagane av krigen. Bruken vart derimot hovudsakleg popularisert av Winston Churchill, som nytta det i den kjende talen «Sinews of Peace» den 5. mars 1946 ved Westminster College i Fulton i Missouri:

« Frå Szczecin i Austersjøen til Trieste i Adriahavet har eit jernteppe senka seg over kontinentet. Bak den linja ligg alle hovudstadane til dei gamle statane i Sentral- og Aust-Europa. Warszawa, Berlin, Praha, Wien, Budapest, Beograd, Bucureşti og Sofia; alle desse kjende byane og innbyggjarane rundt dei ligg i det eg må kalle den sovjetiske sfæren, og alle er utsett for, i ein eller anna form, ikkje berre sovjetisk påverknad, men i svært stor gard òg aukande kontroll frå Moskva. »

Sjølv om enkelte land offisielt var nøytrale vart dei klassifisert ut frå deira politiske og økonomiske system. Denne inndelinga definerte oppfatninga til folk flest av Vest-Europa og grensene til Aust-Europa, til og med den dag i dag.

Eit delt Europa endre

Aust-Europa endre

Aust-Europa bestod hovudsakleg av alle europeiske land som vart sett fri og så okkupert av Den raude arméen. Dette inkluderte Den tyske demokratiske republikken, stort sett berre kalla Aust-Tyskland, danna av den sovjektiske okkupasjonssonen i Tyskland. Alle landa i Aust-Europa vart påtvinga kommunistiske regime. Dei fleste av desse landa var offisielt sjølvstendig frå Sovjetunionen, men til ein viss praktisk grad var dette sjølvstende ganske avgrensa. I enkelte tilfelle var mange av dei berre ein vasallstat under Sovjetunionen.

Vest-Europa endre

Vest-Europa bestod og består av:

  • Storbritannia og Frankrike, sigerherrar i den andre verdskrigen.
  • Nederland, Belgia og Luxembourg som hadde vore okkupert av Nazi-Tyskland og vart sett fri av dei vestlege allierte.
  • Vest-Tyskland, som vart danna ut frå dei tre okkupasjonssonene i Tyskland som høyrte til dei vestlege allierte (USA, Storbritannia og Frankrike).
  • Italia, tidlegare ein av Aksemaktene, som hadde overgjeve seg og vorte okkupert av dei vestlege allierte.
  • Republikken Irland fekk sjølvstende i 1920-åra frå Storbritannia. Landet heldt seg nøytralt under den andre verdskrigen. Det vart aldri ein del av NATO, men vart med i Den europeiske unionen i 1973.
  • Norden var eit spesielt tilfelle. Danmark og Noreg hadde vore okkupert av Nazi-Tyskland, men bortsett frå Finnmark, som vart frigjort av Den raude arméen, vart ikkje områda sett fri av dei allierte. Under krigen vart Island, som då var i unionen med Danmark under ein felles konge, okkupert av Storbritannia og USA utan tap av liv på nokon av sidene.
  • Sverige klarte å halde seg nøytrale gjennom krigen.
  • Finland hadde vore ei alliert krigførande makt til Tyskland mot Sovjetunionen og leid eit nederlag, men vart ikkje erobra eller okkupert. Paristraktatane i 1947 mellom Finland og Sovjetunionen fastsette at Sovjetunionen skulle annektere mindre delar av Finland og at Finland skulle ha venlege forhold til Sovjetunionen (sjå òg Våpenkvila i Moskva).
  • Austerrike og Sveits var òg spesielle tilfelle. Austerrike vart ein del av Nazi-Tyskland gjennom Anschluss-prosessen før krigen, medan Sveits vart verande nøytrale gjennom heile krigen. Etter krigen vart begge landa verande nøytrale. Austerrike vart seinare ein del av Den europeiske unionen, men ikkje av NATO. Sveits avslo medlemskap i NATO og EU og vart i staden medlem av EFTA.

Andre land vart òg ein større del av Vest-Europa. Nesten alle land i Vest-Europa fekk økonomisk støtte frå USA gjennom Marshallplanen. Mange vart medlem av NATO og/eller Den europeiske unionen eller EFTA.

Tyrkia endre

Seinare politisk utvikling endre

Verda endra seg drastisk etter Jernteppet fall i 1989. Vest- og Aust-Tyskland vart fredlege gjenforeint som Tyskland. COMECON og Warszawapakta vart oppløyst, og i 1991 òg Sovjetunionen. Fleire land som hadde vore ein del av Sovjetunionen fekk tilbake sitt fullstendige sjølvstende.

Sjølv om omgrepet Vest-Europa i stor grad vart definert under den kalde krigen vert det framleis mykje brukt. Omgrepet vert mykje bruk i media både «vestleg» og andre område av Europa.

I tillegg har omgrepet Sentral-Europa igjen gjort seg gjeldande.

Vest-Europa har i aukande grad mindre og mindre og gjere med EU. Med utvidinga av EU i 1995, 2004 og 2007 vart mange austlege land medlem av EU, og eit syn der Europa er delt i Vest og Aust vert av mange sett på som nedlatande og nedsettande av dei nominelt austlege landa.

Sjå òg endre

Fotnotar endre

  1. SN si statistiske inndeling: "Composition of macro geographical (continental) regions, geographical sub-regions, and selected economic and other groupings"
  2. United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization: Western Europe

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre