Vestfjorden i Nordland

fjord i Nordland

Vestfjorden er ein stor fjord eller eit havområde mellom Lofoten og Salten i Nordland. Fjorden startar mellom Flesjan ved Skomvær i vest til den vestlegaste holmen ved Myken[1] og går om lag 200-230 km nordaustover til Barøya ved innløpet til Ofotfjorden.[2] Frå Skomvær til Myken er fjorden om lag 80 km brei.

Ein roleg sommardag midt på Vestfjorden på ferja mellom Skutvik og Svolvær. Sett sørover.
Vestfjorden i retning Svolvær på ferja frå Skutvik.

På vestsida av fjorden ligg kommunane (frå sør til nord) Røst, Værøy, Moskenes, Flakstad, Vestvågøy, Vågan og Lødingen. På austsida finn ein kommunane (frå nord til sør) Narvik, Hamarøy, Steigen, Bodø, Gildeskål, Meløy og Rødøy.

Av større bygder og tettstader langs fjorden finn ein Å i Lofoten, Moskenes, Reine, Ballstad, Stamsund, Henningsvær, Kabelvåg, Svolvær, Lødingen, Leines, Kjerringøy og Bodø.

Fjordarmar endre

Fleire fjordarmar går innover i landet på austsida av Vestfjorden. Dei største av desse er Glomfjorden, Saltfjorden og Skjerstadfjorden, Mistfjorden, Folda, Leinesfjorden, Sagfjorden og Tysfjorden. Inst i Vestfjorden held Ofotfjorden fram vidare innover til Narvik og Bjerkvik. På vestsida finn ein fleire mindre fjordar og sund mellom og på øyane i Lofoten.

Samferdsel endre

Fleire ferjesamband kryssar fjorden. Frå Bodø går det ferje til Røst, Værøy og Moskenes. Frå Bodø til Moskenes er det om lag 95 km, ein tur som tar om lag 4 timar. Frå Skutvik i Hamarøy går det ferje til Svolvær i Vågan. Inst i fjorden går det ferje frå Bognes til Lødingen.

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Den norske los, femte utgåva, femte bind
  2. I andre kjelder er fjorden langt kortare og vert rekna for å gå frå Værøy i Lofoten og inn til munningen av Ofotfjorden, ei lengd på om lag 160 km. Både Store Norske Leksikon og Caplex nyttar denne defininsjonen.