Vestfoldarkivet er ein arkivinstitusjon for tidlegare Vestfold fylke. Det er ein del av Vestfoldmuseene IKS og held til i Sandefjord.[1] Vestfoldarkivet arbeider for å verne og formidle Vestfold si historie ved å samle inn og gje ålmenta tilgjenge til historiske arkiv frå fylkeskommunen, bedrifter, organisasjonar og privatpersonar. Riksarkivet har oppretta eit nasjonalt nettverk for å koordinere arbeidet med privatarkiv og har utnemnt Vestfoldarkivet som koordinerande institusjon for Vestfold og Buskerud.

Vestfoldarkivet

TypeAvdeling i Vestfoldmuseene IKS
Skipa1997, 2009
HovudkontorSandefjord
TenesterOffentleg arkiv, privatarkiv, minnemateriale
Nettstadhttp://www.vestfoldarkivet.no/

Historie endre

Vestfoldarkivet vart etablert i 1997 som Fylkesarkivet for Vestfold

Kulturutvalet i Vestfold fylkeskommune vedtok i møte 18.01.1994 å setje ned eit utval for å greie ut om etablering og drift av eit fylkesarkiv for Vestfold. Fylkesarkivar i Hordaland, Egil Nysæter vart engasjert for å greie ut spørsmålet om fylkesarkiv i Vestfold. Utgreiinga, “Plan for fylkesarkiv i Vestfold” (27.03.1995) konkluderte med at ein burde opprette eit fylkesarkiv for Vestfold, administrativt knytt til fylkeskultursjefen. Vidare sa utgreiinga at Fylkesarkivet skal fungere som ein samordnande og rettleiande instans for heile det immaterielle kulturvernet og det lokalhistoriske arbeidet i fylket. Arkivet kan arbeide med private, fylkeskommunale og kommunale arkiv. Men i første omgang skal arbeidet med privatarkiva prioriterast.

Utgreiinga vart lagt fram for kulturutvalet og fylkestinget, som i møte 20.06.1995 vedtok at utgreiinga skulle leggast til grunn for det vidare arbeidet med fylkesarkiv for Vestfold og at fylkesarkivet for Vestfold skulle vere med som nytt tiltak i budsjett for 1996 og økonomiplan for 1997-1999. Fylkesarkivet for Vestfold vart operativt frå 07.01.1997 då fylkesarkivaren starta i si stilling. 1. januar 2009 vart Fylkesarkivet for Vestfold og Museumssenteret i Vestfold (MUVE) slegne saman. Den nye eininga fekk namnet Kompetansesenter for Museum og Arkiv (KOMMA). Då Vestfoldmuseene IKS vart etablert seinare same året, gjekk KOMMA inn som ei avdeling i det konsoliderte museet.

Frå 1. januar 2011 vart det tidlegare Fylkesarkivet for Vestfold skilt ut som eiga avdeling i Vestfoldmuseene IKS og fekk namnet Vestfoldarkivet. Frå 1. august 2012 vert det ei samanslåing og ei avdeling med Vestfoldarkivet og Samlingsforvaltningen (tidlegare Museumssenteret i Vestfold).

Tilhald endre

Vestfoldarkivet har lokale i Hinderveien 10 på Pindsle i Sandefjor. Her finn ein arkivmagasin med mottaksrom, ordningsrom og digitaliseringsrom. Ein ny lesesal vert opna i november 2012. Der vil publikum ha tilgjenge til samlingar med fag- og lokalhistorisk litteratur og kan tinge arkivmateriale til gjennomgang på lesesalen.

I same bygg finn ein Vestfoldmuseene si administrasjon og samlingsforvaltning med konserveringsfasilitetar og magasin for museumsgjenstandar.

Arkiva endre

Vestfoldarkivet er depot for Vestfold fylkeskommune og oppbevarer eldre og avslutta fylkeskommunale arkiv. Arkiva vert som hovudregel overførte til depot 25 år etter dei er gått ut av administrativt bruk. Eit unnatak er klient- og elevarkiv som vert overført 10 år etter dei er gått ut av administrativt bruk.

Vestfoldarkivet oppbevarer også ulike private arkiv. Ein kan dele privatarkiva inn i arkiv frå bedrifter, organisasjonar og privatpersonar. Vestfoldarkivet har også ansvar for ei samling med arkiv frå arbeidarrørsla i Vestfold.

Gjennom ulike prosjekt har Vestfoldarkivet samla inn minnemateriale i form av intervju og anna dokumentasjon. Dette gjeld mellom anna 22. juli 2011 og prosjekta “Barndom i Vestfold” og “Krigsseilere”.

Vestfoldarkivet har dokumentasjon frå m.a. reiar- og industriselskapet Kosmos.[2]

Møteplassar endre

Lesesalen endre

Vestfoldarkivet sin nye lesesal vil vere open for alle. Studentar, skuleelevar, lokalhistorieinteresserte, forskarar og andre kan vitje lesesalen og arbeide med relevant arkivmateriale.

Arkivportalen og DigitaltMuseum endre

Vestfoldarkivet har publisert delar av arkiva til Arkivportalen og har ei samling på DigitaltMuseum. Det siste er ei samling med fotografi av faner som høyrer til arbeiderbevegelsens arkiv.

Sosiale media endre

Vestfoldarkivet nyttar eiga nettside, Facebook og Twitter i si formidling mot publikum.

Samarbeidande institusjonar endre

Som ein del av Vestfoldmuseene IKS har Vestfoldarkivet eit aktivt samarbeid med musea i Vestfold. Samarbeidet er knytt til formidling og arbeid med musea sine arkiv. Vestfoldarkivet utgjer saman med Samlingsforvaltningen ei avdeling i Vestfoldmuseene IKS frå 1. august 2012. Vestfoldarkivet arbeider saman med museum og arkiv i Buskerud som ein del av koordineringsarbeidet for privatarkiv. Eit viktig fagmiljø for Vestfoldarkivet er byarkiv, fylkesarkiv og interkommunale arkiv. Desse institusjonane utgjer eit viktig nettverk og samarbeider om fagleg utvikling. Statsarkivet i Kongsberg er ein viktig samarbeidspartnar for Vestfoldarkivet saman med dei andre store arkivinstitusjonane i regionen, IKA Kongsberg og Drammen byarkiv.

Personalet og leiinga endre

Vestfoldarkivet har seks faste stillingar. Dei tilsette har høgare utdanning med fag som historie, kunsthistorie og religionshistorie. Vestfoldarkivet vert leia av avdelingsdirektør Karianne Schmidt Vindenes. Direktør for Vestfoldmuseene IKS er John Fredrik Wallace

Kjelder endre

  1. «Om Vestfoldarkivet», Vestfoldmuseene (på norsk bokmål), henta 30. mai 2020 
  2. pdf-fil, Vestfoldarkivet. Vitja 30. mai 2020

Bakgrunnsstoff endre