Vestmannaeyjar (Vestmannøyane) er ei lita øygruppe utanfor sørkysten av Island. Berre den største øya, Heimaey, er busett.

Vestmannaeyjar
Klipper på Heimaey i Vestmannaeyjar
Klipper på Heimaey i Vestmannaeyjar
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 63°25′N 20°17′W / 63.417°N 20.283°W / 63.417; -20.283

Store øyar Heimaey, Surtsey
Areal 13 km²

Administrasjon
Land Island
Demografi
Folketal 4 075 (2006)

Øyane er kalla opp etter irane som vart fanga som trælar av norrøn-gælarar. Det gamalnorske ordet vestmann vart nytta om irane og, som på den tida var heilt vest i den kjende verda, og ordet har vorte verande igjen på islandsk sjølv om Irland ligg lenger aust enn Island. Ikkje lenge etter at Ingólfur Arnarson kom til Island vart bror hans, Hjörleifur myrda av trælane han hadde ført med seg. Ingolfur følgde etter dei ned til Vestmannaeyjar og tok livet av alle som hemn.

Vestmannaeyjar
Heimaey, Vestmannaeyjar

20. juni 1627 vart øyane erobra av ein flåte på 15 skip frå Det osmanske riket i lag med barbareskpiratar frå Algerie under Murat Reis si leiing. Dei vart verande der i 26 dagar fram til 16. juli 1627. Styrkane til Murat Reis tok 400 menneske som slavar frå øyane og tok dei med til Algerie, ei reise som varte 27 dagar. Her vart dei fleste verande resten av livet sitt i fangenskap. Ein av fangane, Oluf Eigilsson, klarte seinare å kome tilbake til Island og skreiv ei bok om opplevingane. Ein annan, Guðríður Símonardóttir, er også blitt kjend for ettertida. Seinare kom ein tyrkisk korsar kalla Ali Biçin Reis til øygruppa og Island, der han tok 800 slavar.

Området er særs vulkansk aktivt, som andre område på Island. Det var to store utbrot her på 1900-talet. Det mest øydeleggjande var Eldfellutbrotet på Heimaey i januar 1973 som danna eit 230 meter høgt fjell der det tidlegare hadde vore ei flat eng. Dei 5000 innbyggjarane på øya vart mellombels evakuert til fastlandet. Det andre store utbrotet kom i 1963 og danna den nye øya Surtsey.

Frå 1998 til 2003 var øyane heimstad for spekkhoggaren Keiko, stjerna i filmen Free Willy.

Øyane er kjende på Island for den årlege festivalen Þjóðhátíð, som trekkjer til seg mange ungdommar frå resten av landet. Festivalen vart opphavleg halden fordi øybuarane ikkje kunne delta i tusenårsfeiringa av busetjinga av Island, og valde å halde sin eigen festival. Ordet Þjóðhátíð tyder «nasjonalhøgtid». Dei første 70 åra var det hovudsakleg ein familieorientert festival, men dei siste åra har det meir vorte ein overgangsrite for tenåringar der det vert konsumert store mengder alkohol.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Vestmannaeyjar frå Wikivoyage