Vevstol eller berre vev er ei innretning ein kan veva med. Hovudfunksjonen til ein vev er å spenna opp en renning av langsgåande trådar og danne skille slik at ein kan legga inn tverrgående islettstrådar til ein vevnad. Storleiken på vevar varierer frå små rammer ein kan halda i hendene til digre maskininnretningar.

Japansk vevstol tidleg på 1800-talet.
Skjematisk fremstilling av ein vevstol.
1. Varpbom (trådbom) 2. Strekkbom 3. Hovlar 4. Skaft (Hovleskaft) 5. Hestar 6. Vevskei 7. Brystbom 8. Knebom 9. Tøybom (stoffbom) 10. Trøer 11. Vekslar 12. Skiljepinnar 13. Skyttel

Renninga sit fast i vevstolen, i større vevstolar på ein bom der ein kan ha opptil fleire tusen trådar. Kvar tråd blir ført gjennom ein hovel (eller hovold), eit «auge» i ein sterkare tråd, som så heng gruppevis på skaft. Desse skafta er rammer som kan hevast og senkast. Vidare går trådane gjennom den kamliknande vevskeia som fordeler dei regelmessig og held dei fast på ein viss stad under vevinga. Deretter går renninga over brystbommen og til sist inn på tøystokken.

I ein større handvevstol hever og senker ein skafta som held fast renninga i eine enden med eit sett pedalar (trøer), mens mekaniske vevstolar får skaftebevegelsene frå en eksentermaskin eller såkalla dobby (skaftmaskin). Ved jacquard-veving, som ein bruker til meir komplisert mønsterveving, til dømes damask, har vevstolen ikkje skaft, og hovlane er knytte til ein såkalla jacquard, ein maskin som styrer renningstrådane enkeltvis eller i mindre grupper.

Rekonstruert oppstadvev i museet i Hedeby.
Foto: Kai-Erik Ballak

Ulike vevstolar endre

Oppstadgogn endre

Oppstadgogn eller oppstadvev er normalt sett opp med ei ramme som står skrått mot veggen, renninga blir strekt av lodd i underkant, og hovlepinnar er tredd igjennom veven for å trekkje fram dei ulike trådane i renninga. Denne veven sparar òg renningstråd fordi tøyet ofte kan vevast frå ende til ende av renninga.

Markvev endre

Markvev er ein primitiv vev der renninga er strekt mellom to rekkjer pinnar på bakken. Ofte grev ein også ei grop som vevaren sit i for å koma i rett arbeidshøgd.

Rammevev endre

Ein rammevev har ei fast, ofte flyttbar ramme med pinnar eller tenner på to motståande sider som renninga blir strekt mellom. Ein slik vev kan brukast til enklare arbeid og biletvev.

 
Selevev i Guatemala.

Selevev endre

Renninga blir strekt mellom eit fast objekt, til dømes eit tre, og ein sele eller belte som vevaren har rundt seg. Selevev eignar seg for relativt smale renningar som belte, skerf og løparar og kan lett rullast saman og flyttast på.

 
Flatvev i Slovakia.

Flatvev endre

Flatvev finst både i golvtypar med trøer og bordmodellar (bordvev) med små hendlar på toppen av veven for å styra hovlane. For kvar ny renning som blir sett inn går det tapt ei lengd varptrådar som tilsvarar heile lengda frå varpebom til tøybom. Renningsarbeidet og treinga er òg ein av dei mest kompliserte arbeidsoperasjonenane. Difor vil ein ofte velje ein nøytral renning som ein vever mange ulike arbeidsstykke på.

 
Tidleg maskinvev frå Storbritannia.

Maskinell veving endre

Maskinell veving føregjekk opphavleg i tilsvarande vevar som flatveven, der skyttelen og hovlane blei styrt maskinelt. I dag er slike vevar normalt skyttellause og islettråden blir skoten inn av eit prosjektil. Det finst ei rekkje variantar som møter ulike behov for kvalitet og mønster med opptil 6 skaft som kan veva minst 6 islett per sekund.

 
Jacquardvev

Jacquardvev endre

Jacquardvev har ikkje skaft. Hovlane er knytte til ein jacquard som mekanisk styrer varptrådane enkeltvis eller i mindre grupper. Desse maskinane gjorde at ein lett kunne veva ei rekkje innvikla mønster, som damask. Jaquardveven vart introdusert rett etter 1800 og vart motorisert og var i bruk elektromekanisk form heilt til ein byrja med datastyrt veving på 1970-talet.

Moderne vevstolar endre

Trondsrud Engineering, som held til på Eggemoen utanfor Hønefoss, produserer ein moderne, liten jaquardvevstol.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vevstol