Via Dolorosa (latin «smertevegen») er ei gate i Gamlebyen i Jerusalem. Namnet har opphav i at ein reknar vegen for å vera den Jesus følgde då han bar krosset på vegen til krossfestinga. Den noverande vegen på rundt 600 meter går vest frå Antonia-borga til Gravkyrkja, og er ein mykje brukt pilgrimsveg. Vegen blei fastlagd på 1700-talet, og erstatta då ulike tidlegare variantar.[1] Sidan seint på 1400-talet har det vore fjorten krossvegsstasjonar knytt til vegen.[1] I dag er ni av dei langs sjølve vegen og fem inni Gravkyrkja.

Ein del av Via Dolorosa.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Jerome Murphy-O'Connor, The Holy Land, (2008), s. 37

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Via Dolorosa
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.