Vicente del Bosque

spansk fotballspelar

Vicente del Bosque Gonzales, marki av del Bosque, (fødd 23. desember 1950 i Salamanca) er ein spansk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. For tida er han landslagstrenar for det spanske herrelandslaget i fotball, noko han har hatt svært stor suksess med.

Vicente del Bosque
Personleg informasjon
Fullt namn Vicente del Bosque González
Fødd 23. desember 1950 (73 år)
Fødestad Salamanca i Spania
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1967–1968 Plus Ultra 11 (5)
1968–1984 Real Madrid 446 (30)
1970–1971 → CD Castellón 13 (4)
1971-1972Córdoba (lån) 19 (1)
1972–1973Castellón (lån) 30 (5)
Totalt 518 (45)
Landslag
1969 Spania U-18 (0)
1975–1980 Spania 18 (1)
Trenar for
1987–1990 Castilla
1994 Real Madrid (midlertidig)
1996 Real Madrid (midlertidig)
1999–2003 Real Madrid
2004–2005 Beşiktaş
Landslagstrenar for
2008–2016 Spania
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Som fotballspelar spelte del Bosque for Real Madrid, Plus Ultra, CD Castellón og Córdoba CF i tillegg til å spela atten kampar for det spanske landslaget. Han la opp som profesjonell spelar i 1984.

I 1987 tok han over som fotballtrenar i Real Madrid, ei stilling han hadde i fleire periodar fram til 2003. I 2008 tok han over som landslagstrenar etter Luis Aragonés. Aragonés gjekk av etter å ha gjort laget til europameistrar i EM i fotball 2008. Med del Bosque som trenar gjekk det spanske landslaget vidare til å bli verdsmeistrar under VM i fotball 2010 og europameistrar for andre gong på rad under EM i fotball 2012.

Meritar endre

  • Spansk seriemeister: 1975, 1976, 1978, 1980 og 1981 med Real Madrid
  • Spansk cupmeister: 1974, 1975, 1981 og 1982 med Real Madrid

Kjelder endre