Vedunderbarn

(Omdirigert frå Vidunderbarn)

Vedunderbarn er eit omgrep brukt om barn som har særskilde evner.

Das Wunderkind ('Vedunderbarnet', 1874) av Gabriel von Hackl.

Eit vedunderbarn kan vera eit barn som er ekstremt musikalsk, har veldig høg IQ eller har ein særskild høg språkleg intelligens. Ein allment godteken definisjon på eit vedunderbarn er eit barn som, i ein alder av rundt elleve år, har evner på ekspertnivå eller forstår dei grunnleggjande prinsippa i eit fagfelt som vanlegvis berre vaksne beherskar.

I Noreg har mellom anna forfattaren Johan Borgen (som skreiv noveller som fireåring), sjakktalentet Magnus Carlsen og kunstnaren Hans Gjesme blitt kalla vedunderbarn. I historia er likevel komponisten Wolfgang Amadeus Mozart det best kjente vedunderbarnet.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vedunderbarn