Viggo Helge Rossvær (fødd 22. november 1939) er ein norsk filosofiprofessor som er professor II ved Universitetet i Nordland og tidlegare var professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø (1979-2009). Han tok doktorgraden ved Universitetet i Oslo i 1972 på ei avhandling om Immanuel Kant og Ludwig Wittgenstein. Rossvær var førsteamanuensis i Oslo frå 1968 til 1979 og har sidan vore professor i Tromsø.

Viggo Rossvær
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1939 (84 år)
Yrke professor i filosofi
Ektefelle Hjördis Nerheim

Viggo Rossvær har markert seg som ein sterk kritikar av utviklinga til universitetet dei siste åra. Særleg har han kritisert examen philosophicum for å vera eit øydelagt og dogmatisk studium.[1]

Han er gift med filosofiprofessor Hjørdis Nerheim.

Bibliografi endre

  • Ruinlandskap og modernitet: hverdagsbilder og randsoneerfaringer fra et nord-norsk fiskevær. Spartacus, 1998.
  • Filosofiens historie (sammen med Hjördis Nerheim). Aschehoug/Tanum-Norli, 1984.
  • Kant og Wittgenstein: metoden hos Kant og den senere Wittgenstein i lys av forholdet mellom transcendental logikk og (logisk) grammatikk. Doktoravhandling, Universitetet i Oslo, 1971.

Kjelder endre