Vigmostad

tidlegare kommune i Vest-Agder fylke i Noreg

Vigmostad er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke. Frå 1837 var Vigmostad ein del av Audnedal formannskapsdistrikt saman med Konsmo, Spangreid og Valle.

I 1844 vart distriktet delt i Sør- og Nord-Audnedal kommunar. Vigmostad og Konsmo utgjorde Nord-Audnedal kommune.

Vigmostad vart så sjølvstendig kommune frå 1910 til 1964. Frå 1. januar 1965 gjekk Vigmostad, Spangreid og Sør-Audnedal saman og danna den nye Lindesnes kommune.