Vihorlatfjella (slovakisk Vihorlatské vrchy; ukrainsk Vyhorliat) eller berre Vihorlat er ei vulkansk fjellkjede aust i Slovakia og vest i Ukraina. Ein del av fjella er innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Plasseringa til Vihorlat i Slovakia (i grått)
Vihorlat
Vihorlat om vinteren
Sninský kameň
Morské oko

Vihorlatfjella i Slovakia endre

Den slovakiske delen av fjellkjeda er 55 km lang og opp til 11 km brei. Høgda varierer frå 400 til 1076 meter over havet. Ho er den einaste fjellkjeda i Slovakia som høyrer til Dei indre, austlege Karpatane. Den mindre delen av fjella er verna som ein del av Vihorlat verna landskapsområde.

Vihorlat grensar til Det austslovakiske låglandet (Východoslovenská nížina) i sør og vest. Beskydské predhorie skil Vihorlat frå fjella Bukovské vrchy og Laborecká vrchovina i nord. Denhøgast toppen er Vihorlat på 1076 moh.Den største innsjøen i fjella er Morské oko, på 618 moh.

Verdsarvstad endre

Kyjovský prales, ein urskog av bøk i Vihorlatfjella vart innskriven på verdsarvlista 28. juni 2007 på grunn av dei store områda av urørt natur.[1]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

48°55′N 22°10′E / 48.917°N 22.167°E / 48.917; 22.167