Vika (uttalt vi´kjæ) er eit bruk på Fedje i Fedje. Som namnet viser til ligg bruket ved ei vik, i Kyrkjevågen. Bruket ligg mellom Stuberg og Brotet, og med Opphaugen bortanfor.

Vika
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168

Skrivemåten har oppgjennom vore Wigenn, Wiigh, Wigen, Wiigen, Wig, Wiig, Vigen og Viken. Det vart teke opp stadnamnsak i 1996-1997, og den noverande skrivemåten vart då den einaste godkjente skrivemåten. Bruket vart første gongen nemnd i 1563.

Det har heile tida vore eitt hovudbruk i Vika. I seinare tid har det vorte frådelt nokre tomter. Steinborg vart mellom anna skild ut frå denne eigedomen.

Kjelder endre

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.