Vikingskip er ei samlenemning brukt om båtar frå vikingtida (800–1050 e. kr.) og eit par hundre år vidare. Vi ser lett for oss lange og smale skip med drakehovud i stamnane. Det var få som var slik utstyrde. Dei tilhøyrde hovdingar og kongar.

Gokstadskipet under utgraving i 1880.
Eit moderne vikingskip på tokt i Stockholm.

Båt eller skip endre

Det er i dag er vanleg å skilje mellom båt og skip. Ved studiar av arkeologiske funn prøver ein å finne ut kva farkosten har vorte brukt til. Konstruksjon og dimensjonar kan fortelje oss mykje.

Båtar, dei mindre farkostane, har hovudsakleg vorte brukt til fiske, lokal transport, og varefrakt i mindre skala. Skip har vore havgåande. Lengda er ofte ein avgjerande faktor. Det har i Norden vore ein del usemje mellom forskarar om kvar ein skal setje grensa.

Fordi skipa er så ulikt konstruert kan lenda vere ein unøyaktig indikator. Skutane kan vere lange eller korte, og det kan skilje mange meter mellom farkostar som er bygde for like mange mann. Nokre meiner at talet på rom og plass til roarar bør indikere eit skilje. Båtar har mindre enn 10 rom.

Ein definisjon som det ser ut til å vere ein del semje om, er at farkostar over 15 meter vert kalla skip. I tillegg til lengda må ein og vurdere til konstruksjon og bruksområde.[1]

Eigenskapar endre

Dei fleste skipa var bygde for å vere sjødyktige og sterke, med god lasteevne. Det kan setjast opp nokre felles eigenskapar for desse skipa:

  • Opne båtar
  • Smekre skrog som gjekk lett i sjøen.

Kjennskapen til vikingskip har vi for det meste frå arkeologiske funn, mest i gravhaugar. Det kan vere alt frå skip som er heller heile, til mindre fragment og båtdelar. Nokre av desse funna er utgravne og sett til utstilling. Nokre er og rekonstruerte og det er bygde kopiar som er meir eller mindre autentiske.

Ulike typar vikingskip endre

Hovudskiljet er mellom frakteskip og krigsskip. Frakteskipa, og kalla handelsskip, er romslege, grove og robuste. Dei har lita besetning. Krigsskipa, og kalla langskip, er konstruert smalare. Det er behov for stor fart, og det må vere lett å kome på land. Dei har rom til mange mann.[1]

Når ein skil mellom ulike typar skip ser ein på kor store dei var og kva bruk dei hadde.[2]

Vikingskipa var vakre, men solide farkostar som ein kunne segla jorda rundt med om ein ville. Båtforma inspirerte mellom anna arkitektane bak idrettshallen Vikingskipet på Hamar.

Vidkjende vikingskip endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vikingskip