Viktor Tsybulenko

Viktor Sergejevitsj Tsybulenko[a] (13. juli 193019. oktober 2013) var ein sovjetisk-ukrainsk friidrettsutøvar frå landsbyen Veprik i Kiev oblast. Han var i verdstoppen i spydkast i tida 1952-62. Tsybulenko vart olympiameister i øvinga i 1960 i Roma, og fekk EM-sølv i 1962 og OL-bronse i 1956. Fem gongar vart han sovjetisk meister i spydkast.

Viktor Tsybulenko

Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 13. juli 1930
Vepryk
Død

19. oktober 2013 (83 år)
Kyiv

Yrke spydkastar
Høgd 188 centimeter
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Viktor Tsybulenko på Commons

Aktiv endre

Tsybulenko debuterte internasjonalt under OL 1952 i Helsingfors. Både her og i EM 1954 i Bern kom han på fjerdeplass. I Bern var han einast 12 cm bak bronsevinnaren, Toivo Hyytiäinen frå Finland. To år seinare, under OL 1956 i Melbourne, tok han bronsemedaljen med eit kast på 79,50 m, i same tevlinga sette norske Egil Danielsen verdsrekord med 85,71 m og vart olympiameister.

Høgdepunktet for Tsybulenko kom under sommar-OL 1960 i Roma, der han deltok i sitt tredje OL. I fyrste omgangen kasta han spydet heile 84,64 m, dermed vann han OL-gull med over fem meters forsprang til sølvvinnaren Walter Krüger, ein aust-tyskar som representerte eit samla Tyskland. Tsybulenko avslutta med å vinne sølvmedaljen under EM 1962 i Beograd, berre slått av landslagskameraten Jānis Lūsis.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Merknadar endre

  1. Russisk skrift Виктор Сергеевич Цыбуленко, ukrainsk skrift Віктор Сергійович Цибуленко

Kjelder endre