Viktoriaøya i Russland

Viktoriaøya (russisk Остров Виктория; Ostrov Viktorija) er ei lita øy ved 80°9'N 36°46'E, halvvegs mellom Svalbard og Frans Josefs Land. Ho er den vestlegaste av dei russiske øyane i Arktis og er om lag 14 km² stor og nesten heilt dekt av is. Sidan Viktoriaøya vert administrert som ein del av Frans Josefs land høyrer ho til Arkhangelsk oblast.

Viktoriaøya i Russland
øy
Land  Russland
Areal 10,8 km²
Folketal 0
Kart
Viktoriaøya i Russland
80°08′46″N 36°43′05″E / 80.145977777778°N 36.718°E / 80.145977777778; 36.718
Plasseringa til Viktoriaøya i Nordishavet
Plasseringa til Viktoriaøya i Nordishavet
Plasseringa til Viktoriaøya i Nordishavet
Wikimedia Commons: Victoria Island, Russia

På det høgaste er Viktoriaøya 105 meter over havet. Det nordvestlegaste neset vert kalla Kapp Knipovitsj (Мыс Книповича; Mys Knipovitsja).

Historie endre

Øya vart oppdaga 20. juli 1898 av to norske kapteinar på selfangstskuter, Johannes Nilsen og Ludvig Bernard Sebulonsen. Dagen etter såg kaptein P. W. Nilsen på dampyachten Victoria, eigd av den engelske eventyraren Arnold Pike, øya og kalla ho opp etter båten.

Sjølv om Viktoriaøya berre ligg om lag 62 km frå Kvitøya i Svalbard ligg ho aust for området som vart underlagt norsk suverenitet som følgje av Svalbardtraktaten i 1920. Derfor vart øya rekna som Terra nullius fram til eit Sovjetunionen kravde ein sektor av Arktis som inkluderte øya og Frans Josefs land 15. april 1926. Noreg fekk melding om dette 6. mai og sende ein offisiell protest 19. desember.

Dei neste åra gjorde norske styresmakter mykje får å prøve å annektere Viktoriaøya og Frans Josefs land. Utanriksdepartementet ønskte ikkje gå til handlingar for å gjere krav på øyane, men var ikkje imot private initiativ. I 1929 finansierte konsul Lars Christensen frå Sandefjord, ein kvalfangareigar som hadde vore med på å annektere Bouvetøya og Peter I Øy i Antarktis, ein ekspedisjon med to fartøy, S/S «Torsnes» og M/C «Hvalrossen». Då dei reiste frå Tromsø fekk mannskapet detaljerte instruksjonar om å reise ein bemanna radiostasjon og la eit mannskap overvintre på Frans Josefs land, og samstundes legge krav på Viktoriaøya for Christensen. Ekspedisjonen nådde aldri fram til Frans Josefs land eller Viktoriaøya på grunn av særs mykje havis. 29. juli 1929 reiste professor Schmidt frå den sovjetiske Sedov-ekspedisjonen det sovjetiske flagget i Tiakajabukta på Hookerøya og erklærte Frans Josefs land ein del av Sovjetunionen.

Noreg motsa ikkje offisielt den sovjetiske annekteringa av Frans Josefs land, men heldt fram med å prøve å få Viktoriaøya i åra som følgde. Skipet M/S «Bratvaag» kom til Viktoriaøya 8. august 1930. Ei gruppe på sju menn gjekk i land, mellom anna ekspedisjonsleiar Gunnar Horn og skipskapteinen Peder Eliassen. Horn gjorde krav på øya og sette opp eit skilt på stranda som uttrykte kravet. Dei etterlet byggemateriale til ei hytte på øya. Det verkelege føremålet med Bratvaagekspedisjonen vart halde hemmeleg og Noreg gjorde aldri offisielt krav på øya seinare, truleg på grunn av frykt for å korleis Sovjetunionen kom til å reagere. I september 1932 vart det kjend at Sovjetunioen hadde annektert øya.

Bratvaagekspedisjonen vart likevel kjend for å finne restane etter den svenske polfararen S. A. Andrée si ballongferd i 1897 på den nærliggande Kvitøya.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • I. Gjertz, B. Mørkved, «Norwegian Arctic Expansionism, Victoria Island (Russia) and the Bratvaag Expedition»", Arctic, Vol. 51, No. 4 (desember 1998), s. 330-335 (PDF)

80°09′N 36°46′E / 80.150°N 36.767°E / 80.150; 36.767